— To-tre dyktige og engasjerte motstandarar har sendt velformulerte klagebrev, og såleis trenert prosessen med opp mot eit halvt år, fortel ordførar i Kvam, Astrid Selsvold.

Dei som har kjempa hardast mot utbygging i Hansvågen er eigarane av Nestunet, eit prislønt tun som mellom anna er tildelt Norsk Kulturarv sitt kvalitetsmerke Olavsrosa og Fylkesmannen i Hordaland sin kulturlandskapspris.

Eigar Kåre Nes seier den urørte strandlina på halvøya er unik med ei mengde kvalitetar. Han fryktar den planlagde tilkomstvegen til det nye verftet vil kome i direkte kontakt med Nestunet.

Lova uttale i april

Ordføraren i Kvam har eit samla heradsstyre og fylkespolitikarar i ryggen. Sist veke var ho i møte med Miljøverndepartementet. Der vart ho lova ein uttale innan utgangen av april månad.

— Eg oppfatta at vi hadde ein god dialog, og har tru på at vi skal få fortgang i saka, seier Selsvold.

Målet hennar er å få saka eit steg vidare alt i formannskapsmøtet i mai.

Tidlegare har Fylkesmannen uttalt seg kritisk og kalla lokaliteten i Hansvågen konfliktfylt. Han har rådd Kvam til å greie ut eitt eller to alternative plasseringar. Fylkesmannen vil også at næring skal utgreiast som eige tema sidan både industri og reiseliv er regionale utviklingsmål. Desse innvendingane har fylkesutvalet delvis sett bort frå, men ber om at omsyn til kulturbasert næring, i samband med vegtilknyting vert vektlagt i det vidare arbeidet.

Vedteke planprogram

Planprogrammet har vore ute på høyring, og møtt kritiske røyster frå mellom andre Universitetet i Bergen, Norges Bondelag, Nordisk Kulturlandskapsforbund, Norsk Kulturarv og Naturvernforbundet i Kvam. Likevel vart planforslaget vedteke i Kvam herad. Planen er òg vedteken av fylkesutvalet til trass for innvendingar frå Fylkesmannen og fylkesrådmannen.

Avklaring i haust

Direktøren ved Fjellstrand AS, Asbjørn Tolo, ser for seg ei avklaring i løpet av hausten, der reguleringsplan med innspel til konsekvensutgreiinga vert behandla i september og endeleg vedtak for eller mot utbygging kjem i oktober.

— Bygging reknar vi med vil ta rundt eit års tid, seier Tolo, som er einig med ordføraren i at arbeidet med nytt verft ligg eit halvt år etter den framdriftsplanen Fjellstrand jobbar etter.

Motstanden mot verftet karakteriserer han som nokre få personar, og organisasjonane som jobbar mot som lite tungtvegande.

— Målet er å få reguleringsplan med konsekvensutgreiing ut på høyring i sommar og deretter politisk behandling av denne så fort som råd, seier direktøren.

Ikkje utflagging

— Kva skjer dersom det vert uaktuelt å byggje ut i Hansvågen?

— Vi har behov for å styrke verftet, og ser Hansvågen som det einaste alternativet i Kvam. Får vi ikkje den plasseringa må vi eventuelt kjøpe inn fleire tenester frå utlandet og truleg satsa meir utanlands enn kva vi gjer i dag. Ei storutbygging av verftet på Oma er ikkje aktuelt, seier Tolo, som avviser at det kan vere aktuelt med utflagging av Fjellstrand.

NESTUNET: På Neshalvøya i Kvam ligg Nestunet og ventar på avgjer om verftsutbygging på halvøya.
Bergens Tidende