I perioden frå 1950 har talet på lågtrykk som gjekk inn i Norskehavet auka med 30 prosent.

— Det er først og fremst i vintermånadene vi har fått meir ekstremvêr, seier førsteamanuensis Asgeir Sorteberg på geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen.

Rekordvinter

Vi er i ferd med å leggje bak oss ein vestlandsvinter med snømengder vi ikkje har sett på mange år.

Rasa har dundra nedetter fjellsidene. I Eikedalen miste to personar livet i eit snøskred, og i Balestrand omkom eit sambuarpar då eit sørperas tok huset dei budde i. Så langt har elleve personar mista livet i snøskred, det meste sidan 1987.

Både i låglandet og på høgfjellet har vegar vore rasstengde i dagevis. På Eimhjellen i Gloppen regna det 144,8 millimeter frå måndag 21. til tysdag 22. mars, den største døgnnedbøren nokon gong målt på vêrstasjonen. Ved titals målestasjonar på Vestlandet blei det same dagen sett nedbørsrekordar for mars.

Storm ved Stad

Klimaforskarar har spådd at vi går mot eit våtare og villare Vestland. No viser statistikk frå dei siste tiåra at det har skjedd.

Mest oppsiktsvekkjande er kanskje ei teljing av dagar med sterk vind ved Stad.

I ein rapport Kystverket laga om Stad skipstunnel, kjem det fram at frå 1957 til 2006 har talet på døgn med sterkare vind enn sterk kuling auka frå eit snitt på 50 til 126. Medan det i perioden 1957-1975 i snitt var 15 døgn med liten storm eller meir ved Stad, auka dette til 36 frå 1976 til 1993. Frå 2000 og utetter var det 49.

— Det ser ut til å vere ein tendens til at det har blitt fleire dagar med sterk vind ved Stad dei siste 50 åra. Dette harmonerer med konklusjonar som er presentert i tilknytning til klimadebatten, nemleg at vi må vente meir ekstremvêr på kloden i åra framover, konkluderer rapporten.

Lågtrykka blir kraftigare

Dette fell inn i same spor som ei gransking Asgeir Sorteberg gjorde av talet på lågtrykk i Norskehavet. Han drog ei linje frå Bergen til Grønland, og telde kor mange låtrykk som hadde passert frå 1950 til 2006.

— I vintermånadene hadde talet på lågtrykk auka med 30 prosent i perioden. Det viste seg også at lågtrykka i snitt hadde blitt 15 prosent kraftigare, sier førasteamanuensisen.

- Korleis var utviklinga resten av året?

— Vesentleg meir normal. I haustmånadene var veksten i talet på lågtrykk kring fem prosent. Same tendensen har vi sett i andre klimaundersøkingar.

Sorteberg understrekar at det ikkje bør trekkjast for bastante konklusjonar om vindstyrke, ut frå lågtrykksgranskinga.

Fleire liknande utviklingstrekk

  • Utfrå denne undersøkinga åleine er det ikkje råd å konkludere med at vindforholda har blitt tøffare langs norskekysten. Grunnen er at vindstyrke ikkje berre heng saman med kor kraftige lågtrykkssystema er, det er i stor grad også avhengig av kvar lågtrykka går langs kysten.

I rapporten «Klima i Norge 2010» frå det statleg oppnemnde klimatilpassingsutvalet blir fleire liknande utviklingstrekk skildra. Her blir nedbør og temperatur i perioden 1979-2008 samanlikna med ein nternasjonalt vedteken referanseperiode frå 1961 til 1990.

På Vestlandet auka vinternedbøren med kring 25 prosent. Årsnedbøren har auka med 5 til 10 prosent. Temperaturen har gått opp, i vintermånadene med kring ei grad i Fastlands-Norge. Vekstsesongen er lengre, langs kysten av Vestlandet er det snakk om ei utviding på 14 dagar.

Synest du vêret er blitt villare? Bruk kommentarfeltet.