Fylkesordførar, Torill Selsvold Nyborg, serverte i går fylkesvåpenet på eit fat, for slik å heidre verdsmeister i kokkekunst, Geir Skeie (29). Skeie, som er ifrå Fitjar, har vunne det uoffisielle VM i kokkekunst, Bocuse d`Or Europa.

– Kva var det som skilde deg ut ifrå dei andre kokkane?

– Eg trur smaken på maten, og det at eg våga å gjere det enkelt, avgjorde. Slik eg lagar maten kan ein kjenne att råvara, seier Skeie.

Når han lagar mat, tenkjer han mest ut ifrå korleis han sjølv vil at den skal smake.

– Eg meiner eigentleg at fleire som var med i Bocuse d`Or byrja i feil ende. Dei var veldig opptekne av korleis maten såg ut, og byrja først etterpå å tenkje smak. Eg tykkjer ein bør byrje med smaken, seier Skeie.

– Det er kjekt å inspirere andre kokkar til å lage god og ærleg mat, fortel Skeie. Han er instruktør og inspirator på kompetanseprogrammet, «Smak av kysten», som vert heldt på Norsk Sjømatsenter denne veka. Sjølv vart han inspirert av far sin heime i kjøkenet.

– Det var pappa som likte å lage mat hos oss, og eg vart vel inspirert av han.

29-åringen fortel at han seg som mål å vinne VM-tittelen då han var 13.

– Eg visste at det ville verte sinnssjukt vanskeleg å vinne. Ein må trass alt konkurrere med verdas beste kokkar. Men det gjekk jo.

Skeie arbeider no som kokk i Sandefjord, men fortel at han framover gjerne vil reise. Han arbeider òg med å skrive ei bok, som skal handle om ferda fram til verdsmeistertittelen i kokkekunst.

Rune Berentsen