Verdsarv-veitsla – Stor verdsarvhelg på Stalheim

Helga 29. –31. august er det veitsla –gjestebod- i Nærøyfjorden Verdsarvsområde på Stalheim.

Det heile startar med ein fortreffeleg middag på Sivle Gard fredagskvelden krydra med innspel og gode idear av mat-attaste Gunnar Nagel Dahl. Ingrediensane kjem sjølvsagt frå naturens eige spiskammer i nærmiljøet.

Det vert og ”freske fråspark” ved Linda Eide som kjenner vegstrekninga mellom Fresvik og Voss betre enn dei fleste. Etterpå vert det ”ekta laovadans” til god dansemusikk.

Laurdagen startar med offisiell opning av turstiane i området og avduking av Verdsarvsteinen som er plassert på toppen av Stalheimskleiva ved ordførar i Voss, Gunn Berit Lunde Aarvik. Deretter vert det guida tur til husmannsplassen Naole. Birger Hylland vert med som kjentmann, bestefaren hans budde mange år i Naole. Framkomne får alle servert sein bisk i det fri.

Det vert sjanse for dei spreke til å måla krefter seinare på ettermiddagen i motbakkeløpet Stalheimskleiva Opp. I tillegg til vanlege konkurranseklassar vert det og trimklasse, og kommunestyra i Aurland, Lærdal, Vik og Voss er utfordra mot kvarandre for å kåra verdsarvkommunen med dei sprekaste folkevalde. Det er i motbakke tunge saker kan løysast!

Det vert minnerik premiering til alle, og beste kommunestyre får napp i ein vandreplakett.

Søndagen går det kongeveg-marsj frå Haugsvik til museet på Stalheim Hotell med musikalske innslag og med dramatisering av ”Mordet i tingstova på Hauge”. Det heile vert avslutta med omvising i eit levande museum, der bygdekvinnelaget vil visa flatbrødbaking, karding, spinning og mykje meir.

Det vert og matservering.

Stalheim Landskapspark er arrangør av denne helga og fokuserer på den fantastiske naturen som i 2005 vart kåra til Verdsarvområde av UNECO, og som vart høgtidleg opna av dronning Sonja året etter.

Les også

Siste fra Lokalt

Motorsykkelulykke på Tysnes

Bil og motorsykkel krasjet ved Uggdal.

- Advokater redde for
å klage på dommeren

- Jeg kjenner til flere advokater som er misfornøyde med dommernes opptreden i retten, men de kvier seg for å klage på dem.

Brannalarm i sentrum

Kraftig røykutvikling fra bakeri i Chrisitian Michelsens gate. - Det brant i en bakerovn, sier brannsjef.

Her kjører båten
folk med billetter

Noen gråt og andre bannet. - Dette spolerer ferien vår, sier trebarnsmor.

Streiken kan pumpe kloakk
rett ut ved badeplassene

- Økt fare for kloakk rett i sjøen, sier streikende driftsoperatører i Bergen Vann.

Relaterte bilder

Stalsheimskleiva.ARKIVFOTO: ARNE HOFSETH

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger