UNESCO stiller ikkje med pengar til slike tiltak. Skal kaien bli sett i stand, må nok lokale krefter trø til.

– I dette tilfellet er det ikkje pengar som er den største bøygen. Kaien er privat, og vi arbeider med å få i stand ein formell avtale med grunneigaren, opplyser ordførar Olav Ellingsen.

Tek tid

Tidlegare var skulekaien sjølvsagt kommunal. No disponerer grendafolket skulen, medan heimelen til kaien gjekk til to gardsbruk som no er slegne saman. Allereie før fjorden kom på verdsarvlista, var kaien i så dårleg stand at ein risikerte å trakka gjennom kaidekket.

No har ein del av kaien brotna saman, og ingen vågar seg utpå.

Ordførar Ellingsen vedgår at det har teke lang tid med å få ein avtale i hamn, men forsikrar at han ikkje har gjeve opp.

Omveg for Sonja

Då dronning Sonja opna verdsarvområdet, avduka ho ein plakett ved skulehuset. Men dei ansvarlege våga sjølvsagt ikkje å setja dronninga i land på kaien rett nedanfor, som då framleis stod nokolunde beint. I staden la kongeskipet til ved den vesla kaien ved Bakka kyrkje.

TIL NEDFALLS: Kaien ved skulehuset på Bakka har sett betre dagar. FOTO: ARNE HOFSETH