Sist tysdag skulle Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kunngjere om kommunane Vik og Bremanger har brote lova i samband med sine investeringar gjennom meklarhuset Terra Securities. Kvelden før møtet greip ordførarane i dei to kommunane inn og fekk møtet utsett – fordi dei hevda å ha ny, viktig informasjon om saka.

Utsett i siste liten

– Sidan dette har vi motteke tolv dokument frå dei to kommunane. Åtte av dokumenta hadde vi frå før, og i dei fire siste er det kun informasjon vi allereie kjenner eller ting som ikkje har relevans for saka, seier leiar for juridisk avdeling hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Arvid Mellingen.

Det var om kvelden måndag at ordførarane i dei to kommunane kontakta Fylkesmannen og i siste liten fekk han med å utsetje konklusjonen i legalitetskontrollen av dei politiske vedtaka i saka. Denne skulle kunngjerast på eit møte tysdag.

Men ordførarane hevda å ha nye opplysningar som kunne påverke Fylkesmannens avgjerd. Dei har ikkje villa konkretisere kva type opplysningar det skal vere snakk om.

– Dei har bede om å få meir tid på seg, og det skal dei sjølvsagt få, var svaret frå fylkesmann Oddvar Flæte tysdag.

Sidan har Flætes folk forgjeves venta på noko nytt frå kommunane.

Frist til 4. januar

I går tok tolmodet slutt for leiar for Fylkesmannens juridiske avdeling, Arvid Mellingen.

– Eg sender no brev til kommunane og ber dei kome opp med denne nye og viktige informasjonen som førte til at vår legalitetskontroll måtte utsetjast. Eg har gjeve dei svarfrist til 4. januar, fortel Mellingen.

– Har du grunn til å tru at kommunane har noko som helst nytt å kome med?

– Eg veit jo ikkje kva dei sit på av eventuell ny informasjon. Men det er jo kjent at eksempelvis Bremanger har sendt over heile det kommunale Terra-arkivet til sine juridiske rådgjevarar i advokatfirmaet Lund i Oslo. Vi får berre vente og sjå om det kjem noko.

Ordførar Marta Finden Halset (Ap) i Vik tilbakeviser at kommunen unødig tverar ut saksbehandlinga.

– Eg har ikkje noko behov for å kjøpe meg tid. Vi ønskjer sjølvsagt å få saka ut av verda så raskt som mogleg, seier ho.

Mangla oversikt

Vik-ordføraren vil ikkje gå ut i avisa med kva «viktig informasjon» Fylkesmannen kan vente seg.

– Advokatane våre vil sende dei nye opplysningane. Vi er interessert i at saka vert opplyst på best mogleg måte.

Ordførar Kåre Olav Svarstad i Bremanger fortel at han ikkje har hatt full oversikt over kva Fylkesmannen har teke imot, ettersom både rådgivarane og advokatane til kommunen har sendt brev til Fylkesmannen.

– Eg fekk ein telefon frå ein av juristane våre som meinte vi burde be om meir tid. Då reknar eg med at det var eit reelt behov for det, seier Svarstad.