– Formålet med prisen er å styrkja interessa for hardingfele blant dei unge, seier Solgunn Flaktveit Moxnes, mor til avdøde Audhild Flaktveit Moxnes – som døde etter å ha blitt påkjørt på veg heim frå korøving i mars 2004. Ho blei 17 år gammal.

Dyktig ungdom

Den årlege minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele frå Vestlandet. Alderen på vedkomande må tilsvara C-klassen på kappleik.

– Prisen er eit personleg stipend på 5000 kroner, og er meint å oppmuntra til varig interesse for spelet, seier Flaktveit Moxnes.

Erlend Apneseth vant sin klasse (C-klassen) på Vestlandskappleiken på Voss same dagen som han fekk minneprisen.

– Det er ein ivrig og dyktig ungdom som fekk minneprisen, seier Flaktveit, som synest at Vestlandskappleiken var ei fin ramme rundt utdelinga av prisen.

Stor spennvidd

– Audhild var ofte på Voss både på kappleik og kurs, fortel ho.

– Siste helga ho levde spela ho på Hordakappleiken der.

Erlend Apneseth, som vant årets pris, byrja å spela allereie som tiåring. Dei siste åra har han vunne både landskappleiken, vestlandskappleiken og fylkeskappleiken i sin klasse.

Juryen la vekt på hans eigeninnsats for å tileigne seg tradisjonsstoff frå fleire område. Han spelar blant anna i bandet Raid, der han brukar hardingfela i nye samanhengar. Vinnaren går musikklinja på Firda vidaregåande skule og er medlem i Indre Sunnfjord Spelmannslag.

Meir informasjon her.

SPELEMANN: Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele gjekk i år til Erlend Apneseth frå Jølster.
Anne Rivenes