«Udyret» av eit helikopter gjorde ein elegant sving over Vossebygda før det brummande sette seg på asfalten på Bømoen. Sekund etterpå kvein det i bildekk på alle kantar. Reine folkevandringa til Bømoen var i gang.

Det russiske kjempehelikopteret med ørten lange rotorblad og Uralaviatrans skrive med store bokstavar på begge sider var litt av eit syn.

Det kan løfta 20 tonn på eitt hiv, mot eitt tonn for eit vanleg helikopter, opp til tre tonn for eit ekstra sterkt helikopter i «normal» storleik.

Entreprenøren NCC har leigt kjempehelikopteret for å frakta heim gravemaskiner og anna tungt anleggsutstyr som vart brukt under kraftutbygginga i fjellet ovanfor Ålvik.

Anleggsleiar Arild Fanebust fortel til Bergens Tidende at utstyret veg til saman 80 tonn, men let seg ikkje dela opp i fire hiv. Det må gjerast fem turar, mot 80 turar med eit lite helikopter.

Løftinga tek til i dag. Utstyret skal fraktast til eit jorde som NCC har leigd ved Rong Fjellstove inst i Bordalen på Voss.

Helikopteret kom frå Åre i Sverige, der det vart nytta til bygging av nye skiheisar i skisenteret.