Songen er det musikklæraren som har laga. Ho fekk ei liste med ord frå lærar Lars Chr. Seim Halvorsen og elevane som jobbar med prosjektet «Kortreist mat». — Kanskje det hadde vore gøy med ein rap, antyda Halvorsen. Og slik vart det.

Tre av jentene gir oss ein liten smakebit av rap'en, mens dei rører i blåbærisen. Heimelaga, sjølvsagt. Bæra har dei plukka sjølv. Dei blå glisa tyder på at ikkje alt vart til is.

Alle dei ti elevane på ungdomstrinnet er i full sving på kjøkenet denne dagen. Ein festmiddag med 19 rettar til 100-årsfeiringa for frigjeringa frå Sverige er i arbeid. 50 gjester er venta. Festkvelden vil og markere slutten på prosjektarbeidet.

Alle har sitt dei skal gjere. Lærarane Liv Anne Bergo og Lars Chr. Seim Halvorsen ruslar rundt og gir råd til kokkane.

Lagar alt sjølve

Ei gruppe har ansvar for oppskriftene, ein annan for dessertproduksjon. Fleire ulike sortar skal på bordet, vanleg Parfait. Parfait med blåbær. Sjokoladekake med geitemjølk og rips. Nytt for dei alle.

— Ideen fekk vi frå ein austerrikar som bur i bygda, fortel elevane. Dei synest det er stas å få lære av andre folk på heimstaden sin. Råmjølkspudding skal dei og laga.

Medan vi snakkar med dessertgruppa, kjem ein herleg duft snikande.

— Vil du smake, spør ein blid gut. Han byr på nysteikte salte, små godbitar av røykt aure innbaka i butterdeig. Olav (11) fortel at dei fekk 31 aure i garn i vatnet bortafor skulen. Dei sløgde fisken og la han i saltlake. Der låg han i ei veke.

Yoghurtgjengen passar på å ha store mengder yoghurt klar, for den skal vere med i alle rettane. Noko skal i isen, medan noko skal i dip med krydder frå skulens eigen hage. Yoghurten er ein viktig del av festmenyen og gutane har alt halde foredrag for dei andre om korleis dei har laga han. Krydder har og ein viktig plass. Ungane har planta fleire sortar sjølve, og no kan dei hauste det dei treng av oregano, persille, jordskokk og timian. Mellom anna.

Glade ungar

— Prosjektarbeid er kjempekjekt! Anna (13) og Hilde (13) lyser opp når vi ber dei fortelje kva dei likar best med «Kortreist mat».

Hilde meiner at samarbeidet og matlaginga var best. Anna meiner alt har vore kjekt. Ekskursjonane og slaktinga var høgdepunkta for henne.

— Eg bur på gard, men hadde aldri vore med på slakting før. No fekk eg vere med på det eg ville, seier Anna og forklarar at ho røra i blodet så det ikkje skulle levra seg. Men det vanskelegaste var å trekkje skinnet av sauen.

Vegen for maten

I prosjektet har elevane følgd vegane maten tar. Oppgåvene har vore mange og varierte.

Elevane har lært at matvarer som vert frakta over lange avstandar fører med seg store utslepp av karbondioksyd og drivhuseffekt. Mat som vert produsert lokalt sparer miljøet og reduserer utsleppa. Det gjer og at forbrukarane får fersk mat på bordet og får sjå kvar maten vert produsert. Alt dette veit elevane som står ved grytene og førebur seg til den store finalen i prosjektet.

Internasjonal festmeny

Elevane lager både tradisjonelle norske og internasjonale rettar. Festmenyen er nøye planlagd, gjestene skal få ein smak av verda, servert av elevar i sjølvsydde forkle. Eksingedalen skule gjer alt dei kan for å vinne konkurransen som landbruks-og matdepartementet har skipa til, «Bli beste Kortreist matskule»

Men ein siger vil berre vere ein bonus. Det beste er alt ungane har lært.

Tor Høvik
Tor Høvik
Tor Høvik