• Vi skal laga den aller beste klimautstillinga i heile verda. Utan å framstå som dommedagsprofetar.

Polarinstitutt-direktør Olav Orheim var ikkje smålåten då han som styreleiar i Norsk Bremuseum i Fjærland tok imot ein million statskroner av miljøvernminister Børge Brende i går.

Godt over halvvegs lovnad om ein ny million neste år, fekk han også.

— Suksess avlar suksess, resonnerer Orheim.

Med såpass respons frå Miljøverndepartementet, kjenner han seg trygg på å skaffa resten av pengane til prosjektet. Totalkostnaden er rekna til 20 millionar kroner.

Klimautstillinga «Over horisonten» krev eit eineståande nybygg til Bremuseet. Arkitekt Sverre Fehn har teikna eit «tilbygg» som i hesteskoform og med skråtak skal omkransa den sylinderforma kinosalen der Ivo Caprini-filmen vert synt.

— Heile ideen er utruleg spennande, seier statsråd Børge Brende til Bergens Tidende.

Bygget sin form gir ramma for utstillingane. Fysiske installasjonar blir interaktive og kan påverkast av publikum.

— Folk får nærast føla konsekvensane av klimaandringane på kroppen, og sjå konsekvensane langt inn i framtida for ulike val vi gjer, seier Brende.

Utstillinga skal spenna frå vulkanutbrot og rørsle i jordskorpa for 2,5 milliardar år sidan, fram til FN sine spådommar for 2040, og enda lenger fram i tid. Det flyt «lava» på golvet og du får oppleva korleis klimaet vert påverka. Deretter får ein sjå korleis mennesket påverka klimaet, sjå ulike framtidsscenariar og sjølv testa ut korleis ulike val påverkar klimaet i framtida.

NY FLØY MED SVING: Miljøvernminister Børge Brende i samtale med direktør Nils Paulsen (t.v) og styreleiar Olav Orheim ved Norsk Bremuseum i Lærdal. Den nye fløyen med klimautstilling skal krølla seg rundt den sylinderforma kinosalen til venstre.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH