I trappa opp til kartverket sine lokale på Leikanger heng to nydelege kart. Det eine eit fylkeskart over Rogaland, det andre eit turkart over Gloppen kommune. Dei er bygt over same lesten, reine og tydelege. Fargar markerer kvar fjella er høge og fjordane djupe. Ingen treng kunnskap om ekvidistanse eller kotar for å skjøne desse karta.

I resepsjonen finst bevisa på at også verdas fremste ekspertar har likt dei. To diplom fortel at på dei to siste verdskongressane for kartografar, har kartverk-kontoret i Sogn innkassert førstepremie. Konkurrentane har vore hundrevis av kart frå hundrevis av land.

Ingen betydning

— Vi har fronta ein type kart som bryt grenser. Det har slått an, og danna standard for ein ny type kart, seier fylkeskartsjef Trygve Heggheim.

No skal 18 fylkeskartkontor bli til 12. Mellom dei seks som sjefen for Statens kartverk meiner må vekk, er Sogn og Fjordane. Som einaste fylket langs kysten frå Agder til russargrensa, blir Sogn og Fjordane utan kartkontor.

— Betyr ikkje kvalitet og prestasjonar noko i slike vurderingar?

— Eg føler at vi heile tida har hatt eit godt fagmiljø. Folk har fått høve til å utvikle seg og byggje seg opp her på kontoret. Vi har kanskje ikkje vore så mykje innanfor standarden, men i staden har vi evna å tenkje nytt. Men det er ikkje alltid det blir verdsett like mykje som å føye seg inn i produksjonen. Nei, kvalitet og kompetanse tel nok ikkje.

Kart på kart

Fylkeskartsjefen tek oss med gjennom gangane der nye og gamle kart og flyfoto pryder veggene. Mellom det meir spesielle, eit kart som viser trafikken til Shetland og Skottland under andre verdskrig. På baksida står alle turane, namn på alle båtane og skipperane og kor mange som var med over eller tilbake. På eit kartblad er det laga eit leksikon over trafikken til dei britiske øyane.

— Det har slått veldig godt an mellom dei som interesserer seg for denne delen av historia, seier Heggheim.

Han viser oss utdatert utstyr, frå den tid kartverket arbeidde på heilt andre måtar enn i dag. Før var det ut i felten, i dag blir karta til framfor pc-en. Kommunane har ansvaret for å oppdatere kartdata. Omtrent einaste gongene kartografane kjem seg ut av kontora på Leikanger, er i møte med kommunane.

Taparane

Og kommunane vil bli dei store taparane, meiner dei kartverk-tilsette på Leikanger. Innsparingane i Statens kartverk er nok eit døme på at staten veltar kostnader over på kommune-Norge.

— Dei får lessa på seg arbeidsoppgåver og kostnader dei ikkje er budde på å ta. Kommunane manglar både tid, pengar og kompetanse, seier tillitsvald Espen Gudevang i Norske Sivilingeniøres Forening.

Gudevang reagerer sterkt på prosessen, som han meiner har vore veldig lukka. Tilsette har ikkje hatt påverknad, og brukarane har ikkje fått høve til å seie si meining.

— Konsekvensane er svært lite synleggjort, meiner Gudevang.

Litt mindre Norge rundt

I tillegg blir også reduksjonane gjennomført i ekspressfart. Først for nokre veker sidan kom tilrådinga frå kartverk-sjefen. Endringane skal gjennomførast frå årsskiftet. I siste instans blir det politikarane på Stortinget som avgjer kven som skal bli tatt av kartet. Det skjer i samband med statsbudsjettet rett oppunder jul.

Difor kjem argumenta no til å bli retta mot politikarane. For fylkeskartsjef Heggheim er realist, og trur det berre er Stortinget som kan snu:

— Det verkar som miljøvernministeren har bestemt seg, seier han.

I trappa ned frå kartverk-lokala heng logoen med slagordet om at Statens kartverk er Norge Rundt. Det blir mindre av det etter nyttår.

MOT FØRTIDSPENSJON: Åmund Fykse studerer pc-en og Trygve Heggheim kartet. Dei to veteranane har vore med på å setje Norge på verdskartet. Med fylkeskartet for Rogaland vann Statens kartverk i Sogn og Fjordane det andre av to VM-gull. Det kan ha vore det siste.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH