— Eg får gjera plass til det tiande storvinnardiplomet frå Norsk Tipping, seier handelsmann Jan Magnus Magnussen på kaien i Sagvåg. Han tok imot kupongen som gjorde ein Stord-mann i 60-åra 1,4 millionar kroner rikare i Lotto-trekninga laurdag. No har den vesle butikken «produsert» fire lottomillionærar på ti år.

Handelsmann Nils André Myhre eit par hundre meter lengre oppe i gata i Sagvåg var eit hakk betre denne helga. I Mix-kiosken hans blei ein kupong med dobbel vinnarrekkje levert inn.

Vinnaren, ein mann i 50-åra, blei først sundag morgon klar over at knapt tre millionar kroner kjem inn på kontoen hans denne veka. Ingen av dei to vinnarane frå Stord ønskjer å stå offentleg fram med vinnarlukka si.

Sindig vinnar

— Det var ein fornuftig og sindig kar som ringde meg tidleg sundag, etter at eg hadde prøvt å få kontakt med han laurdag kveld. Ein fornuftig familiemann som spelar fast, og som for eit par veker sidan tilfeldig tok til med å kryssa av i ruta for to gonger når han leverte inn lottorekkja si, seier informasjonsrådgjevar Atle Jensen i Norsk Tipping AS til Bergens Tidende.

At tre av i alt sju toppvinstar kvar på 1.456.850 kroner hamnar i lommene på personar som leverer inn kupongen i ein av dei tre forretningane i Sagvåg på Stord er oppsiktsvekkjande for dei fleste. Men Jan Magnus Magnussen hos Magnussen & Co har fleire gonger før sett vinnarlukke på nært hald.

Den tradisjonsrike forretninga på Sagvåg kai har vore kommisjonær for Norsk Tipping sidan 1949, året etter at lotteriselskapet blei etablert. Forretninga er om sommaren spesielt godt gjesta av småbåtturistar, mange av dei gamblelystne.

I trønderske Verdal kommune er det registrert tolv millionvinstar i Lotto og Vikinglotto sidan 1992. Så mange kan sjølvsagt ikkje Sagvåg-bygda slå i bordet med. Men bak kassen hos Magnussen & Co heng det synlege diplombevis på at det er sendt nokre feite sjekkar hit også frå Hamar gjennom åra.

LOTTOBYGDA: Kjøpmann og lotterikommisjonær Jan Magnus Magnussen kan slå fast at Sagvåg nærmar seg Verdal'n-klasse når det gjeld lottomillionærar.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR