To eksotiske reisekameratar har dratt båten på land, og slått opp det vesle teltet sitt på stranda Solnes. Her på Askøy legg dei kajakken i vinteropplag.

Kim Hafez er 31 år gamal, og har fransk, irsk og egyptisk blod i årene. Han vaks opp i Marokko, utdanna seg til ingeniør i Paris, og arbeidde eit år i den franske framandlegionen, før han bestemte seg for å padla jorda rundt. Unghalak, er fire år, og eit sympatisk blandingsprodukt av husky, tysk fårehund, malamut og ein dæsj ulv.

Det var hund, ikkje dame

Kim og Unghalak møttest i ein liten inuitt-landsby på tampen av Kims første, store kajakktur i 1996. Den gjekk frå austkysten av Canada til Alaska, og tok halvanna år.

— Eg ville gjerne ha ein reisekamerat, men fann inga jente som ville bli med. Så då tok eg med ein hund istaden, forklarar Kim Hafez til BT.

Han gav den vesle kvelpen namnet Unghalak, som betyr «vestavind» på inuittisk. Då han kom heim, skreiv han bok om Canada-turen, og skjønte fort at alt han ville var å padla vidare. For halvanna år sidan forlet han Frankrike på ny.

Kvar dag sit han 7-8 timar i kajakken. Snøhunden Unghalak, også.

— Når det er røft vér, er det tøft for han. Men det er det for meg også! Vi to er i same båt.

Einsam blant mange

Klart det av og til er einsamt i kajakken. Og av og til spør Kim seg sjølv om han har valt det rette, for eksempel når han ser familiar og ungar.

— Men dette er blitt ein livsstil. Eg kan føla meg einsam blant folk, men aldri når eg er åleine i naturen. Skulle eg ein dag oppdaga at eg kjedar meg, finn eg berre på noko anna.

For å finansiera turen, padlar han i sommarhalvåret, og jobbar på vinterstid. Forrige vinter tilbrakte han i 25 kuldegrader i Finland, denne vinteren vil han prøva å få seg arbeid i Norge. Kva som helst.

— Eg kan bli kald, svolten og einsam i kajakken, men har fridomen til å velja dette livet. Eg er privilegert og heldig, som får lov til å velja mitt eige liv.

EKSOTISKE SJØFOLK GÅR I LAND: Kim Hafez og hunden Unghalak er i same båt. Dei to kompanjongane reiseri jorda rundt i kajakk, og la denne veka til på Askøy. Til våren står Grønland høgast på ønskelista. (Foto:Helge Skodvin)