Men vaksinen mot H1N1-viruset er framleis mange veker unna. Truleg kjem ikkje vaksinedosene mot svineinfluensa før i månadsskiftet september/oktober.

– Vi ventar veldig på vaksinen, seier Nina Langeland, professor og seksjonsoverlege ved Infeksjonsmedisinsk seksjon ved Haukeland Universitetssjukehus.

Når vaksinesprøytene er klare, er truleg langt fleire enn dei 106 pasientane i Hordaland og Sogn og Fjordane blitt smitta.

– Men det er ikkje for seint å vaksinere seg etter at epidemien er begynt, understrekar Langeland.

– Alle mann til pumpene Representantar frå Haukeland, Haraldsplass Diakonale Sykehus og Bergen kommune deltok på eit informasjonsmøte om beredskapsplanar for svineinfluensa i Bergen fredag føremiddag.

Når pandemien toppar seg, har dei ansvaret for å skaffe nok plass, nok utstyr – og ikkje minst nok folk.

Blir 25 prosent Helse Bergen-tilsette borte frå jobb under pandemien, blir den største utfordringa å skaffe ekstra helsepersonell.

– Då får vi bruk for dugnadstenking. Alle mann til pumpene, seier viseadministrerande direktør Anne Sissel Faugstad ved Haukeland Universitetssjukehus.

5 på sjukehus Både Haukeland, Haraldsplass og Bergen kommune er i dialog med Universitetet og Høgskulen i Bergen om å få «låne» helsepersonell i ein krisesituasjon – både studentar og folk som er ferdig utdanna.

– Vi kan ikkje klare dette aleine, seier Faugstad.

Så langt i pandemien har fire pasientar med svineinfluensa vore innlagde på Haukeland, og ein pasient ved Haraldsplass. Ingen har vore alvorleg sjuke, og sjukehusopphalda har vore kortvarige.

– Men dei siste vekene har vi merka fleire innleggingar enn vanleg, seier Langeland.

Diskuterer rekninga etterpå Også professoren appellerer til kollektiv dugnadsånd for å redusere smittefaren.

– Spritdispenser er ikkje nok. Å gå på jobb med munnbind er heller ikkje ei god ordning. Folk som blir sjuke må halde seg heime, oppfordrar Langeland.

Faugstad kan ikkje presentere eit kostnadsoverslag for kva det kostar å halde eit stort sjukehus i beredskap.

– Vi skal gjere den jobben som blir kravd av oss. Så får vi ta diskusjonen om rekninga etterpå, seier Faugstad.

– Men ingen sjukehus har budsjettert med denne pandemien, og vi er selvfølgeleg interessert i at statsråden opnar lommeboka og tek utgiftene for oss,

Så langt har viruslaboratoriet på Haukeland analysert 522 prøver, for å finne ut om dei inneheld H1N1-viruset. 20 prosent var positive.