BT veit at politiet har gjort ei rekke biologiske funn på hybelen til den drepne, og at det truleg også er funne slike spor på kvinna etter den eller dei som drap henne.

Kripos' teknikarar tok med seg desse prøvene attende til Oslo måndag. Rettsmedisinsk Institutt jobbar no på spreng med å analysere funna.

— Vi kan håpe å få svar torsdag eller fredag. Men det kan også ta lengre tid. Dette er ein prosess som tek den tida han tek, seier utrykkingsleiar Asbjørn Hansen i Kripos.

Politiet håpar at prøvene skal gi DNA dei veit stammar frå gjerningsmannen, og at denne profilen skal stemme med DNA frå personar som alt er registrert i saka.

Alle vitne har avgitt DNA-prøver. Politiet skal også ha sikra seg personlege eigedelar som kan innehalde den etterlyste 35-åringens DNA. Men fordi mannen berre har status som vitne, har politiet har ikkje heimel til å analysere hår eller anna biologisk materiale frå han. Til det trengst samtykke, noko politiet manglar.

Politiet har også sikra fingeravtrykk frå rommet til Karterudseter. Dersom politiet har funne avtrykk dei meiner er interessante i jakta på drapsmannen, er desse allereie køyrt opp mot Kripos' database for fingeravtrykk. Her ligg blant anna fingeravtrykk frå personar som er dømt for grove valds- og seksualbrotsverk. Også avtrykka frå alle som har søkt asyl i Noreg blir rutinemessig sjekka.