Igjen er det E39 mellom Oppedal og Lavik som blir flaskehalsen.

— På dette sambandet er kapasiteten aller mest redusert, og her ventar vi nok ein del oversittingar, seier sjef for ferjedivisjonen i Fylkesbaatane, Svein Solheim.

Ekstra ressursar på land

Solheim ventar at det blir lange køar på begge sider av Sognefjorden, og ser ikkje vekk frå at bilar kan bli ståande igjen når siste ferja har gått onsdag kveld frå Lavik klokka 21.00 og frå Oppedal 21.30.

— Vi set no inn ekstra ressursar på land, både til billettering, informasjon og for å ordne køane vi ventar skal oppstå, seier han. - Det er stort sett alt vi kan gjere for å avhjelpe situasjonen. Å setje inn større ferje er i strid med spelereglane under ein streik.

Begge dei to hovudsambanda over Sognefjorden, E39 Lavik-Oppedal og Rv5 Mannheller-Fodnes, blir under streiken trafikkert av ei ferje mot normalt to.

Storferja ute

Dette medfører at så vel frekvens som kapasitet er sterkt redusert. Verst er stoda på Lavik-Oppedal, der storferja M/F «Gloppen» med kapasitet på 112 personbileiningar (pbe) er ute i streik. Tilbake trafikkerer M/F «Svanøy» (78 pbe) sambandet aleine.

På Manheller-Fodnes i Indre Sogn er kapasiteten litt bedre på den nye M/F «Lote» (118 pbe), men frekvensen er stadig avgrensa til ein avgang i timen, og tidleg kveldsro. På denne strekninga blir det nattferge annakvar uke. Denne uka er det ikkje nattferge.

Mindre reising

Streiken har no vara sidan 13. mai, og ferjeselskapet merkar at dei reisande i stor grad har tilpassa seg den nye situasjonen.

— Folk reiser mindre enn normalt, og vi merkar godt at trafikken har gått ned, seier Solheim. - Dei som har sjansen til å unngå å reise, gjer i stor grad det. I alle fall på dei største utfartsdagane. Mange vil nok vente ein ekstra dag, heller enn å stå igjen på kaien når siste ferje går for kvelden.

Solheim rår dei reisande til å oppdatere seg om aktuelle båt- og ferjesamband via radio, nettet eller på ruteopplysninga 177.