• Eg vil ikkje bli overraska om vi får ei avsløring av korrupsjon i Bergen kommune, seier Jan Borgen i Transparency International Noreg.

Etter avsløringane om korrupsjon og økonomisk snusk i fleire kommunar på Austlandet, er det ingen som tør garantere at slikt ikkje finst her vest.

— Det som blir rulla opp i Bærum no er så opplagt enkelt. Ein har berre ikkje ført kontroll. Min frykt er at ein har eit slepphendt syn på kontroll av utbetalingar i kommunane. Så eg ville ikkje bli overraska om vi fekk ei avsløring i Bergen óg, seier Borgen.

Han peikar på at det er mykje pengar i omløp, og at det alltid finst nokon som let seg freiste når risikoen for å bli oppdaga er låg.

Leiar i Kontrollkomiteen i Bergen kommune, Geir Dale, seier kommunen har gjort mykje for å førebygge korrupsjon og snusk.

— Men det er naivt å tru at korrupsjon ikkje kan skje i Bergen, seier han.