• Dama på setet ved sida av meg, var svært nervøs og sa at sjåføren køyrde altfor fort på glatta. Eg var også redd. Vi var forberedt på at det skulle gå gale. Og det gjorde det.

17-årige Hilde Myre fekk sitt livs verste tur då ho i går tidleg skulle ta buss frå Breim til Vassenden i Jølster.

Om natta hadde det snødd, og vegen var glatt. Marerittet byrja lenge før bussen gjekk i fjellveggen med eit smell. Det byrja faktisk med ein gong ho kom ombord i bussen.

«No gir eg beskjed til sjåføren»

Det var enno mørkt i går tidleg då Hilde Myre steig på bussen på Breim, løyste billett og såg seg om etter eit ledig sete. Det fann ho ved sida av ei dame på 3. bakerste seterekke, på venstre side. Straks byrja kvinna å snakke om føret, og ikkje minst om farten.

— Ho fortalde meg med ein gong at sjåføren køyrde altfor fort, og at ho var redd fordi ho meinte han køyrde på sommardekk på det glatte føret, fortel 17-årige Hilde, som var på veg til skulen etter eit venninnebesøk i Gloppen denne helga.

— Eg merka også at det gjekk fort. Då vi møtte bilar, såg vi på kvarandre. Vi var rett og slett forberedt på at noko kunne skje, fortel Hilde. - Til slutt sa ho at «nei, no går eg fram og seier frå til sjåføren».

Men så langt kom ho ikkje.

Rødflekka av blod

For litt før klokka 07.30 mista føraren kontrollen over den kombinerte passasjer- og godsbussen i ein slak venstresving like før Klakegg i Jølster.

Bussen gjekk inn i bergveggen på høgre sida og skrensa fleire meter bortover. Deretter skar den skar tvers over vegen og traff autovernet med slik kraft at det vart skubba to meter ut over den bratte kanten ned til ei elv. Der vart det store køyretyet hengande på autovernet, med elva fem-seks meter rett under.

— Eg merka smellet då bussen traff fjellveggen, og eg såg bagasjehylla over setene på høgresida komme ned mot meg. Eg bøygde meg saman, og kjente at glasbitane hagla over meg. Etterpå var eg heilt rødflekka av blod, men det var heldigvis ikkje mitt, fortel Hilde om skrekkopplevinga.

Ein bilførar som kom bak hjalp til med å evakuere bussen med 15 menneske. To hardt skadde, sjåføren inkludert. To andre måtte også på sjukehus, fire andre måtte ha legebehandling.

Stod i kø for piggdekk

Den hardast skadde passasjeren vart i går sendt til Haukeland sjukehus.

Trafikksjef Jon Austreim i Firda Billag opplyser til Bergens Tidende at ulukkesbussen var utrusta med vinterdekk utan piggar.

— Vi prioriterer ekspressruter og dei som skal køyre fjellovergangar, og har ikkje rekkt å få piggdekk på alle våre bussar sidan 1. november, seier Austreim. - Denne bussen stod i kø for å få på piggdekk.

Austreim avviser bestemt at sjåførane køyrer på så knappe tidsmarginar at farten kan bli uforsvarleg på slikt glatt føre.

— Tidene på denne ruta har lege fast i fleire år, og det er ikkje noko stort tidspress, seier han.

Om ulukkessjåføren seier Austreim at han er svært erfaren, med over 40 års fartstid bak seg i selskapet.

Men Hilde Myre er uansett sikker på at farten var altfor høg. Ho køyrer buss regelmessig, men har aldri tidlgare reagert slik på farten.

— Eg er enno skjelven, og tenkjer på kva som kunne ha skjedd, seier Hilde, som fekk saman med ei klassevenninne på bussen fekk hjelp frå helsesøster ved Jølster vidaregåande.

REAGERTE PÅ FARTEN: Hilde Myre (17) kom ombord ulukkesbussen på Breim. Ho hamna ved sida av ein livredd passasjer, som ville gje sjåføren beskjed om å slakke av på farten. Vi var begge redde, og budde opå at det kunne gå gale, seier Hilde.
Foto: Oddleiv Apneseth