Utsendingane frå Sogn og Fjordane Venstre kjem til å ta dette opp på landsmøtet i partiet no til helga. Fylkesleiar Rolf Nesheim seier til NRK Sogn og Fjordane at han ikkje lenger kan vere med på å ta ansvar for det som skjer med kommune-Norge.

— Dersom det ikkje blir tilført midlar til kommunane, bør partitoppane ta hatten og gå, seier Nesheim.

I tillegg til å vere fylkesleiar, er Nesheim ordførar i Leikanger.