Retten har dømt mannen til 90 dagar fengsel, 60 av dei på vilkår. Han må i tillegg betale tilbake dei 156.600 kronene han fann for gått å føre over på sin eigen konto. Mannen har vedteke dommen.

Bergen tingrett meinte at mannen burde få rabatt fordi han hadde lagt korta på bordet og no er mest interessert i å få ordne opp etter seg. Underslaget vart oppdaga i fjor sommar. Den sikta har tidlegare vore leiar for ungdomspartiet, men hadde vervet som kasserar da underslaget skal ha skjedd i 2003 og 2004.

Dette gav mannen fritt tilgjenge til partiets kontoar, som inneheldt relativt store summar etter gode Venstre-val i fjordfylket — og påfølgjande romslege statstilskot til ungdomsorganisasjonen.

Underslaget skjedde ved at 27-åringen ganske enkelt gjekk inn på nettbanken og førte pengane over på sin eigen konto.

Da det nærma seg årsmøte i organisasjonen, kunne ikkje mannen gjere greie for økonomien og underslaget vart oppdaga.

— Dette er ei svært beklageleg sak, og eg ønskjer å gjere opp for meg gjennom rettssystemet. Elles blir det ei sak mellom meg og Unge Venstre, har 27-åringen tidlegare uttalt til BT.

Spørmålet no er om ungdomspartiet får att pengane sine. 27-åringen som er dømd for underslag, er arbeidslaus og har ingen formue. For organisasjonen er beløpet som er underslått stort. Det er i dag berre eit par titals betalande medlemmer i Unge Venstre i Sogn og Fjordane.