— Anten har statsråden loge for oss, eller så har han ikkje kontroll over dei underliggjande etatane. Det betyr at dei politiske føringane som vart framført frå Stortingets talarstol ikkje har nådd ned til dei som faktisk skal gjere arbeidet, seier Trine Skei Grande.

— Regjeringa har gitt ein beskjed til Politidirektoratet, som ikkje ser ut til å ha gått vidare ut til politimeistrane. Korleis reagerer du på det?

— Det er i så fall ekstremt alvorleg. Dette handlar om lagnaden til veldig mange menneske, som er i ein veldig utsett situasjon. Dette er ikkje ein liten byråkratisk tabbe. Dette kan ha påverka liva til folk, seier Venstre-leiaren.

- Kjempealvorleg

— Kor viktig er disponeringsskrivet som politimeistrane får kvart år frå POD?

— Det er desse politiske styringsdokumenta dei har å forhalde seg til. Det er kjempealvorleg dersom dette er noko dei ikkje har brydd seg om, seier Venstre-leiaren.

Ho vil ta opp saka så snart som råd med justisminister Anders Anundsen (Frp).

— Det er også logisk å spørje statsminister Erna Solberg, i og med at også ho har uttalt seg om dette, seier Skei Grande.

Vil spørje statsministeren

Solberg sa i Stortinget, under trontaledebatten i haust, at «barnets beste skal tillegges større vekt». Statsministeren viste til at UDI hadde fått ordre frå regjeringa om «at man skal prioritere å sende ut barn, men ikke legge vekt på dem som var lengeværende, nettopp fordi vi har en avtale».

Det var den same beskjeden som skulle gis til Politiets Utlendingsenhet (PU) og politimeistrane rundt om, men som forsvann i brevet frå POD.

Venstre-leiaren er frå før irritert over at regjeringa har brukt så lang tid på å endre forskrifta.

— Tolmodet vårt var i grunnen brukt opp frå før. Dersom det nå ikkje kjem fortgang, byrjar tilliten til statsråden å bli tynnsliten.

Taust frå ministeren

Bergens Tidende fekk i går nei på ein intervjuforespørsel til justisminister Anders Anundsen om returpolitikken. Statssekretær Jøran Kallmyr (Frp) sa i går kveld følgjande, etter å ha fått referert innhaldet i dokumenta:

— Dette er nytt for meg. Vi har gitt våre retningslinjer til POD. Dei er ansvarlege for å formidle dette vidare til politimeistrane. Men eg må få undersøkje saka, sa Kallmyr. Etter å ha fått tilsendt dei aktuelle dokumenta på e-post, viste Kallmyr vidare til departementets infoavdeling, som ikkje meldte seg for BT før deadline.