• På vegner av samferdsleminister Torild Skogsholm garanterer eg at Hardangerbrua vert lagt fram for Stortinget i denne stortingsbolken.

JOHN LINDEBOTTEN

ARNE HOFSETH (foto)

Det sa Terje Breidvik, generalsekretær i Venstre, partiet til samferdsleministeren, framfor ca. 800 hardingar i Eidfjordhallen i går kveld.

Svaret var brakande applaus.

— Og, la Breidvik til, - eg må få gjera slutt på ei myte, nemleg at Venstre er mot Hardangerbrua.

Folkemøtet utvikla seg etter kvart til reine vekkingsmøtet for bru. I panelet stod tre medlemer i samferdslekomiteen fram på rad.

— Eg og Høgre lovar at vi skal gjera alt som vi kan for å Hardangerbrua fram for Stortinget før sommarferien, sa leiaren i komiteen, Petter Løvik.

— Både eg og Odd Holten vil rå til at partiet vårt røystar for Hardangerbrua, sa Jan Sahl frå Kristeleg Folkeparti.

— Og vi vil senda brev til samferdsleministeren med krav om at ho får brua fram for Stortinget tidsnok til handsaming i vår, seier Kenneth Svendsen, Frp.

— Og mi partifelle i samferdslekomiteen, Oddbjørg Starrfelt, har sagt at ho ikkje ser nokon grunn til at Stortinget skal seia nei til Hardangerbrua, sa Anne-Grete Strøm-Erichsen frå Arbeidarpartiet i Bergen.

Rune Skjælaaen frå Senterpartiet fylgde opp.

Klårt fleirtal

— Som professor i statsvitskap kan eg leggja saman tal. Og så vidt eg kan forstå av dette, er det ei klårt fleirtal for Hardangerbrua i Stortinget, sa Frank Aarebrot frå Universitetet i Bergen, som leia paneldebatten.

Ragna Flotve frå Sosialistisk Venstreparti var einaste representant i panelet for skepsisen til Hardangerbrua. Ho argumenterte for betre vegar, meir rassikring og omsyn til villreinen, og fekk høfleg applaus for det.

Forvirring

— Vi er i sluttfasen med vår handsaming av Hardangerbrua, og vil med det fyrste senda ho over til Stortinget, seier vegdirektør Olav Søfteland til Bergens Tidende.

Både Søfteland og fleire var i går forvirra over meldingar i NRK Hordaland om at Hardangerbrua var vorten 135 millionar kroner dyrare enn rekna med. Opplysningane skulle stamma frå Vegdirektoratet.

— Eg kjenner ikkje til dette, seier Søfteland.

— Ikkje eg heller, seier regionvegsjef Ole Chr. Torpp.

Det siste som vert stadfesta frå Vegdirektoratet er at Hardangerbrua har stige i pris frå 1.638 millionar kroner til 1.670 millionar. Grunnen er stålprisane, som har stige, m.a. på grunn av det kolossale stålforbruket i Kina.

17,5 år eller til evig tid

— Men vi arbeider framleis litt med spørsmålet om kor lenge de kan krevjast inn bompengar. Fylkestinget går inn for 17,5 år, medan 15 år er det normale, seier Søfteland.

Der har fylkestinget sagt at dersom det berre kan krevjast inn bompengar i 15 år, så vil dei prioritera 115 millionar kroner frå riksvegbudsjettet frå Hordaland over 15 år.

— Det er rett at det normale er 15 år, seier Petter Løvik. - Men vi kan og sjå det slik: - Når det gjeld Hardangerbrua står valet mellom 17,5 år med bompengar og ferjebetaling til evig tid.

BRUA KJEM: Dei aller fleste av dei frammøtte i Eidfjordhallen i går kveld fekk høyra det dei ville, nemleg at no skal Hardangerbrua koma. Frå v. Tom Knudsen frå NHO Hordaland, Gunnar Hetland, distriktslækjar i Granvin, Reidar Kleivkås, Marit Kleivkås og Ellen Utne.<p/>