I mai var det berre eit merke på eit sva, i juni var den første hytta reist, og no, i byrjinga av november, blir den djupe roa som kjenneteiknar fjellheimen, igjen flerra av helikopterdur. Heile tunet står ferdig på Vending, midt mellom Hamlagrø og Kvamskogen. No skal hyttene utrustas og klargjerast til innrykk.

Byggmeister Bjørn Vike har spikra siste lista og takka for seg etter ein strålande sommar. No rykkjer turlagsfolka inn med kjørl og servise, gass og komfyr, kostar og bytter, madrassar, potetmos, joika og trøndersodd. Sist veke vart seks hiv frakta inn frå Hamlagrøosen med helikopter, og no er det berre den siste finpussen som står att før Vending kan ta imot sine første ordinære gjester.

Opnar 1. januar

— Men vi held fast på den opphavlege opningsdatoen, 1. januar 2007, seier Karl Olsen, hytte- og ruteansvarleg i Bergen Turlag.

Ved foten av Kvamskogens høgaste fjell, Fuglafjell (1334 moh.), ligg Vending. På eit lite høgdedrag vest for Vendingstjern kneisar tunet med hovudhytte, sikringsbu og vedbu/toalett, og det er lett på ein gråversdag i november å førestella seg korleis stasen ved fjellivet kan vera nettopp å koma over kanten og sjå hytta teikna seg mot horisonten, eller liksom stiga fram or skoddehavet eller snøkavet.

For sjølv dei mest ihuga blant fjellfolk må vedgå at innimellom er fjellet meir liding enn lyst, meir kav enn kos. Når skodda heng som ein grå burka til foten av ura og dekkjer det som skulle freista og lokka, det som skulle gjera deg yr og nyfiken og full av ungdoms kraft, er hytta, med ly og varme, mat og seng, pute og madrass, kanskje sjølve høgdepunktet ved turen. Eller når vinterdagen har vore gnistrande kald, sola sig nedom horisonten og skuggar og skumring kjem og sløkkjer lyset og stikk av med varmen.

Lett tilgjengeleg

Då er ikkje hytta lenger berre ein praktisk reiskap for ferdafolk undervegs. Då er hyttas eksistens sjølve basisen, sjølve grunnlaget, sjølve føresetnaden for gjennomføringa av turen.

Vending kjem til å bli ei mykje nytta hytte, fordi ho er lett tilgjengeleg og ligg sentralt i eit område som har potensial for bra trafikk. Slik vil ho truleg gjera sitt til å gje nytt liv til det flotte turterrenget mellom Kvamskogen og Bergsdalen. Turlaget vonar ikkje minst at skuleklassar vil ta hytta i bruk, der ho ligg 820 meter over havet, mindre enn to timars marsj til fots frå Hamlagrøosen.

Og snart skal gjel og søkk og elvefar og heile dalføre fyllast med snø, glattast av vind og herdast av frost, slik at vi, neste gong vi kjem, kan skri over der vi no må gå rundt eller utanom.

Då rykkjer Vending endå litt nærare ...

Fakta

  • Vending kan ta imot rundt 30 gjester, sikringsbua inkludert.
  • Kvam Turlag skal ha driftsansvaret for hytta og for merking av rutene i området.
  • Hytta har kosta rundt 2,1 millionar kroner, finansiert av gåver frå den utflytta bergensaren og tidlegare tilsynsvakt på Dyravadlegeret Fritjof Wiese.
  • Frå før finst den sjølvbetente turisthytta Høgabu i dette området og den ubetente Torfinnsheim. No får ein eit samanhengande rutenett frå Vaksdal/Dale i vest til Voss/Hardanger i aust.
UTSTYR PÅ PLASS: Seks rundar gjorde helikopteret frå Hamlagrøosen til Vending med gass og mat og kostar og ved og vaskefiller dinglande i ei snor.Så seinka roa seg atter over fjellheimen.FOTO: KNUT LANGELAND
HANDMAKT: Hanne Næss Olsen gjer sitt til at gjestene på Vending skal kunna varma seg gjennom vinteren. Helikopteret får veden på plass utanfor, men det må handmakt til for å få han stabla i vedbua. FOTO: KNUT LANGELAND