— Du må sjå på kvantumet. Den generasjonen som vi skal slakte på i haust og vinter - den biomassen - er mindre enn vi slakta på i fjor. Då vil prisane gå opp. Dette er er ikkje vanskeleg å spå i det heile tatt, seier Sveen.

Saman med ektemannen driv ho det vesle oppdrettselskapet Marø Havbruk på Svanøy ved Florø.

No trur ho overskotet for 2002 vert redda, takka vere prisoppgangen som er på veg.

Hadde dei lave lakseprisane helde seg til over jul trur Tveit Sveen konkursar i oppdrettsnærings ikkje ville vere til å unngå.

— At prisane går opp er veldig viktig. Då får du tilliten tilbake i bankane, då stig prisen på laks som står i sjøen. Dette startar ein positiv spiral, sier Tveit Sveen.

I fjor gjekk dei tjue største oppdrettsselskapa med om lag 350 millionar kroner i underskot. Sjølv med den venta prisoppgangen i haust, blir resultatet truleg endå verre i år.