Ein ny rapport om «helsetilstanden» til Sogn og Fjordane varslar at alarmklokkene må på. Sogn og Fjordane, som har profilert seg som «trivsels— og livsstilfylket», er fylket dei unge, og spesielt unge kvinner, reiser frå.

Det er Sparebanken Sogn og Fjordane som har utarbeidd det dei kallar konjunkturbarometer for fylket.

Raud sektor

Barometeret blei presentert i går ettermiddag, og er lite lysteleg lesnad. Framsida blir pryda av eit fyr som lyser raudt. Symbolikken er klar:

— Alle som har vore i båt, veit at går du lenge nok i raud sektor, går det før eller seinare gale, seier Arve Sandal, ansvarleg for kommunikasjon i fylkessparebanken.

Og Sogn og Fjordane er i raud sektor, meiner Sandal. Fylket opplever den største tilbakegangen i folketal på 50 år. I fjor flytta 638 fleire personar ut enn inn. Og verre kan det fort bli.

Få fødande

Med eitt unntak har samtlege kommunar færre kvinner i alderen 20-39 år enn landsgjennomsnittet. Unntaket er Førde. I alle andre kommunar er underskotet av unge kvinner stort, sågar svært stort. I Vik og Solund, kommunane som kjem dårlegast ut, har meir enn fire prosent færre kvinner i denne aldersgruppa enn landet elles.

Det er kvinner i alderen 20-39 som får ungar. Konsekvensen er at Sogn og Fjordane har eit solid underskot av kvinner i fødedyktig alder.

Vil gå ned

Forskarane som har utarbeidd folketalsprognosane i konjunkturbarometeret, slår fast at fødselsoverskotet, som i mange år har berga folketalsutviklinga, no vil gå ned. I år 2010 vil det vere 2000 færre enn i dag. Til samanlikning: På landsbasis er det kalkulert med ein folketalsvekst på 170.000.

Eit anna trekk som har vore kjent ei tid, men som no ser ut til å forsterke seg, er at unge kvinner pakkar kofferten og flyttar frå Sogn og Fjordane. I 2001 flytta kvar sjuande kvinne i alderen 20-29 år. Og det er kvinnene som har skaffa seg utdanning som står fremst i flyttekøen.

Paradoks

I fylkesbank-barometeret blir det også peika på eit klart misforhold. Eksamensresultata frå grunnskulen i fylket er mellom dei beste i landet. Fleire ungdommar frå Sogn og Fjordane fylket tek høgare utdanning enn i landet elles, og dei oppnår betre resultat enn sine medstudentar. Men i heimfylket er arbeidsplassar innan kompetanse- og kunnskapsbaserte næringar så godt som fråverande.

Ein av konklusjonane i rapporten blir dermed at skal den negative utviklinga snuast, må det skapast arbeidsplassar i vekstbaserte næringa knytta til reiseliv, akvakultur, undervisning, rådgjeving, forsking og informasjonsteknologi.

VELUTDANNA OG EKSPORTERT FRÅ SOGN: Anne Gine Hestetun, ei av mange. Her saman med byrådsleiar Anne-Grete Strøm-Erichsen.
ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH