Ulukka skjedde like før klokka 21 onsdag kveld. Vogntoget kvelva på den såpeglatte europavegen mellom Byrkjelo og Skei i Votedalen.

— Det er fare for at bilen hamnar i Votedalselva, og vi reknar ikkje med at vegen vert opna att før midnatt, seier Atle Jansen, operasjonsleiar hos politiet i Sogn og Fjordane.

Jansen seier at politiet stadig får meldingar om store bilar som er for dårleg skodde får det glatte føret.