Utbrytarane har slett ikkje noko brennande ynskje om å ta rotta på dei andre, dei som gjekk saman om å reisa eit moderne fruktlager på Utne.

— Så lenge dei store har det godt med seg sjølv, så er det godt leveleg også her på småbruket, seier dagleg leiar Torleiv Naa Helle ved Nå Fruktlager PL til Bergens Tidende.

Poenget er at dei andre leverer frukt til butikkjedene i faste avtaler. Dermed kan «småbruket» på Nå boltra seg ganske fritt på sin eigen vesle marknad, butikkar utanom dei store kjedene.

Skulle det bli krøll på lina mellom kjeder og fruktlager, kan det bli tøff konkurranse også i Nå sin nisje.

Står utanfor

Dei held til i fruktlageret på Nå, på vestsida av Sørfjorden. 34 av dei 59 produsentane som sokna til Nå Fruktlager PL valde å halda fram for seg sjølv då fruktbønder flest i Hardanger gjekk saman om Hardanger Fjordfrukt BA på Utne, med butikkane i Norgesgruppen og Coop som avtakarar gjennom Bama-systemet.

Ullensvang Fruktlager PL på Lofthus og underbruket Hardanger Frukt og Bær BA på Børve har også styrt unna samanslåinga. Dei leverer til Rimi og andre butikkar i ICA-gruppa.

Elles er alle dei gamle fruktlagera i Hardanger no lagt ned. Bortsett frå Nå. Der held halve flokken av fruktbønder sorteringsbandet gåande. Med ein hollandsk drosjesjåfør som styreformann.

Skral avling, god pris

— Jautakk, her står det til liv, helsar dagleg leiar Torleiv Naa Helle.

Livet som styrar på eit fruktlager endra seg radikalt då banda til ein fast avtakar som Bama («hvori opptatt» Gartnarhallen) vart kutta. No er det ikkje nok å sortera. Frukta skal seljast også. Kremmarånda må utviklast.

— Denne hausten har det ikkje vore vanskeleg å selja frukt. Ein kald vår og sommar har gitt dårlege avlingar. Det er lite frukt på marknaden, neppe meir enn halvparten av eit normalår. Lova om tilbod og etterspurnad gir oss dermed gode prisar, seier Naa Helle.

— Vil ikkje importen halda prisane nede?

— Ikkje på plommer. Nordmenn et gjerne utanlandske eple. Men morellar og plommer må ha norsk smak.

Fjoråret vert rekna som eit normalår, og 2002 som det siste gullåret, med avlingar opp til 60 prosent over normalen. Plommer kostar i dag rundt 40 kroner kiloen i butikk.

Risiko

— Betyr det lite arbeid for bonden i år, og like store inntekter?

  • Det kan sikkert hevdast at haustingsarbeidet blir betre betalt i år. Men det blir høgare årsinntekt av større avlingar, og då jobbar ein heller litt meir, seier Olav G. Åkre, ein fruktbonde som no legg om til økologisk.

Han er innom for å henta tomkasser. Akkurat no er det ikkje så kjekt å plukka plommer i Hardanger. I regnvêret er det trivelegare å sortera, innandørs.

Ein av sambygdingane hans har fint lite å til sortering. Ei einaste uvêrsbye med kraftig vind og regn øydela mesteparten av plommehausten hans. Frukt for nærare 100.000 kroner gjekk tapt.

Store på plommer

Om dei ikkje er så mange, må produsentane på Nå reknast med i norsk fruktdyrking. Dei leverer ti prosent av den norske plommehausten. Men eple er dominerande også i «plommeland». Om lag fire gonger så mykje eple som plommer kjem inn til fruktlageret på Nå. På sorteringsbandet er epla einerådande. Plommene vert sortert heime hjå produsentane, og kjem inn i småkasser. På fruktlageret blir plommekassene stabla på pallar for HSD-transport til grossistar og butikkar.

Opal er klart «største» plommesorten, med Victoria som ein god nummer to. Mallard, Jubileum og Reeves er i frammarsj, medan tidlegsorten Edda vart reine katastrofen i år, berre to tonn, mot ti i fjor.

Det fine med eit lite produksjonsmiljø som på Nå, er at dei tidvis også kan tilby plommer av sortar som er sjeldne her i landet, som Excalibur og Dóullin.