Auksjonarius Knut Nordfonn har lagt frå seg klubba. Han har klubba for tønner og ausekar, ror og rokkar. No skal Kloster ta over.

Ordføraren har gått for seg sjølv inne i bedehuset. Han ser trøytt ut kring auga og seier det har vore tungt å gå og skjemst litt i ei veke. For ei veke sidan vart det kjent at han ikkje var heilt edru som konferansier ved ei kulturtilstelling. Det er folk der ute som seier det er godt gjort av han å koma i dag, etter alt ståket han har vore gjennom den siste veka.

Kloster har sett ut, og konstatert at det er sameleis som i fjor. Der sit Karl Sandvik. der har vi Eidesvik sine. Der er Peder O. Lie. Kystgründarane med tjukke pengebøker. Han veit kven han skal pressa om det går treigt med å skaffa pengar til Den indre sjømannsmisjonen.

Aksel læregut

Det er tredje gong ordføraren skal prøva seg som auksjonarius på basaren i øyriket til Rasmus og Salomon Hatlevik. Han er framleis berre læregut, må vi skjøna. Salomon Hatlevik seier til folket at Kloster ikkje har papir på at han kan dette enno. Han har fått ein sjanse til. Kanskje kan ordføraren frå Kvinnherad reise heim med papira denne gongen. Om han klarer seg, seier Hatlevik. Folket humrar.

Idet Aksel Kloster kjem ut på trappa, kjem applausen. Misjonsfolket og skipsreiarar, bømlingar og fitjarfolk. Frelsessoldatar og Flekkerøykameratane klappar. Ein augneblink er Kloster heilt stille. Så hever han røysta.

Storslått

— Då takkar vi Nordfonn, som har vore auksjonarius her i snart 50 år, seier ein gravalvorleg Kloster.

— Hatlevikbasaren. Ein av dei største basarane fedrelandet har sett, held han fram.

— Med den finaste etniske populasjonen. Her sit Fitjarfolket og Bømlofolket. Folk som er langt over gjennomsnittet. Så får vi bera med at det er ein del kvinnheringar her. Som dreg det heile nedover.

Folket ler så dei hikstar.

Seinare seier skipsreiar Kristian Eidesvik at Aksel Kloster hadde fått applaus uansett kva han hadde gjort.

— Han er det berre godt i, seier Eidesvik, før han legg til:

— ... trur eg.

Kaffi, bollar og vinstar

Det er kokt 200 liter kaffi, 1200 skillingsboller, 800 skuleboller og tallause fat med sjokoladekake er gjort klare. Det er sett opp bord etter bord med gevinstar og auksjonsgjenstandar. Hatlevik er invadert av Betelskipet «Elieser», som får alle pengane i dag. «Baronessa» har reist frå Sagvågen, «Delfinen» frå Fitjar, «Elieser» frå Karmøy, båten «Gå på» har klappa til lands. Det har tona utover Hatlevika at «Snaren er sønder, fuglen er fri».

800 menneske har vore venta på basar på den fråflytta Fitjarøya. Mellom dei, øyre-nase-hals-lege Finn Gunnar Ottesen frå Stord, offisiell basarlækjar, den einaste i sitt slag, sjølv om ein går til utlandet.

— Eg vonar ikkje VIP-tribuna sviktar i dag, har han sagt.

— Einkvan kan alltids bli liggjande her ute på berga. Men eg har med meg doktorkufferten.

Dessutan har han med svigermors horn med kvit- og brun ost, bakt etter alle hygienens strenge reglar. Han er nøye på det, Ottesen. Seinare reiser sonen Finn Arne heim med signert drakt og ball frå ballklubben Rosenborg til knappe 900 kroner.

Kredittverdig

Aktiviteten aukar på bedehustrappa. Kloster skryt opp gjenstandar, veiftar med klubba og får inn tusenlappane.

— Eg veit det er ein del som sikkert ikkje har tatt med seg nok pengar. Som deg, Karl Sandvik. Eg ser du sit her. Vi kan ordna med ei betalingsordning for deg. Vi har full tillit til at det kan gå bra. Seier Kloster, som får med folket i ein applaus for regjeringa Bondevik, samt ei lita klappsalve for partiet Venstre som «diverre ser ut til å døy ut».

Alt før matpausen har Kristian Eidesvik kjøpt fem gjenstandar. Han er ikkje ferdig med å by enno.

Ole Pedersen på 85 får tilslaget på stolen til 10.000 kroner.

— Kona er så forlibt i denne, som han seier.

Kloster held opp ei klokke.

— Ingen skal seie at dei som laga denne hadde høg, intellektuell kapasitet. Men nevelag hadde dei, seier han, og øser opp forsamlinga.

— Han kan dette, seier ei dame med veska full av årer.

Tørkar sveitte

Fitjarbrørne set i gong med Gledens Herre. Rasmus Hatlevik har tørka bort sveitten. Det er ein liten pause. Det er då vi ser ordføraren frå Kvinherad sit heilt for seg sjølv bak Flekkerøykameratane inne i bedehuset att. Han har armane i fanget og voggar litt på hovudet til musikken. Her bak i skuggen høyrer ein berre trekkspelakkordane. Dei som sit framfor bedehustrappa høyrer om syndaren som fekk tilgjeving.

HARDANGERSAUM: Ein 89 år gammal mann har brodert hardangersaum til inntekt for misjonen. Ordførar Aksel Kloster får ikkje høgare bud enn 2000 kroner - uavkorta til Den indre sjømanssmisjon.<br/>Foto: KNUT EGIL WANG