Tek du den, så tek du den óg. Der har du vestlendingen og forholdet til bompengar. Førebels har Sogn og Fjordane to bompengeanlegg og to bompengeferjer, i Hordaland er det åtte bompengeanlegg og tre bompengeferjer. Og fleire skal det bli. Utan at dei store protestane finn vegen ut av bilkupéane.

— Alle klagar, men ingen ønskjer å gjera noko med det, seier Olav Magne Gard, leiar i Norges Automobilforbund (NAF) si avdeling for Haugalandet og Sunnhordland.

— Då det i fjor kom framlegg om bompengering i Haugesund, tromma vi saman til folkemøte. Men det engasjerte ikkje. Det kom så lite folk at visst ikkje NAF-styret hadde stilt, så hadde det vore flaut.

— Det er eit teikn i tida. Stortinget ser at folk ikkje protesterer, dermed er det fritt fram for mindre riksvegmidlar og fleire bompengeprosjekt, meiner Olav Magne Gard.

«Viktig supplement»

Ifølgje overordna politiske retningsliner meiner regjeringa at det eit statleg ansvar å finansiera utbygging av riksvegar. Medan bompengar «fortsatt bør være et viktig supplement i finansiering av nye veger.»

I fjor betalte norske trafikantar 2,68 milliardar kroner i bompengar i 43 bomanlegg. Summen aukar til rundt tre milliardar i år , og aukar med nye 5 - 10 prosent i 2003.

— Berre 1636 millionar kroner av fjorårets bompengar gjekk til bygging av riksvegar. Den mellomverande milliarden gjekk til administrasjon og nedbetaling av gjeld, seier informasjonssjef i NAF, Egil Otter.

— Bompengeinntektene har stige til å utgjera om lag 60 prosent av dei ordinære vegløyvingane. NAF mistenkjer at det ligg ein medviten strategi om at stalege midlar sakte men sikkert skal erstattast av bompengar, uttalte Otter då regjeringa la fram statsbudsjettet for 2003 med ein faktisk nedgang i riksvegløyvingane.

Vondt men naudsynt

— Eg ønskjer ikkje bompengar - eg ønskjer betre vegar, sa ordførar Inge Reidar Kallevåg (H) få Bømlo kommunestyre sist veke vedtok å delfinansiera den såkalla Bømlopakken - ei utbetring av vegane på øya - med bompengar.

Høgre-ordføraren fekk nesten alle politikarane med seg på å prøva å få hand om bompengane i Trekantsambandet når milliardanlegget blir nedbetalt før tida, som det ligg an til.

— Visst eg får velja avgift, vel eg bompengar. Betre enn andre avgifter og skattar gir dei handfaste resultat, sa Kallevåg. Han ser det som urealistisk å kunna henta ut ein auka statleg pott vegmidlar dei nærmaste 10 - 15 åra .

— I mitt samkvem med politikarar og styresmakter på fylkesplan ser eg vel ei litt anna verd enn andre i kommunestyret, sa ordførar Kallevåg.

— Høgre sentralt lovar skattelette, og så skal vi bruka dei skattekronene vi sparar til å betala bompengar med. Det er ein rundgong i logikken som eg ikkje forstår. Det verste er likevel signalet vi sender til Stortinget, meinte Sammy Olsen, tidlegare Høgre, no uavhengig representant i Bømlo kommunestyre.

Olav Magne Gard i NAF for Haugesund og omland meiner lokalpolitikarane tek for lett på bompengeproblematikken.

— Dei bør bli flinkare til å gå på partifellene sine sentralt. Det er trass alt staten si oppgåve å byggja vegar, seier Gard.

50 anlegg i landet

I 1999 utgjorde bompengefinansiering 2,2 milliardar kroner eller 55 prosent av riksveginvesteringane over statsbudsjettet. Landets nær 50 bompengeanlegg har ei samla gjeld på rundt 8,5 milliardar kroner. Stortinget har knesett eit prinsipp om at innsamla bompengar skal gå til veganlegget der bommane står. Likevel betalar mange ferjereisande bompengar til veganlegg dei aldri skal køyra.

— Av dei som reiser med ferja over Boknafjorden og betalar førehandsbompengar til T-forbindelsen mot Karmøy, trur eg færre enn 50 prosent nokon gong vil nytta det vegsambandet, seier Olav Magne Gard, som sukkar over at det no berre er ein veg ut av Haugesund som er bompengefri; ferja til England.

KOMNE FOR Å BLI: Nær 60 prosent av landets veginvesteringar blir finansierte med bompengar, og betalingsviljen er der trass fleirtal i folket for at staten skal kosta vegane våre. Nordhordlandsbrua er snart nedbetalt, lenge før planen.<br/> ARKIVFOTO: ODD MEHUS