— Dei aller fleste løypene held til over påske. Heilt nedst i traseeane og i solhellingane kan det nok bli litt vått, men oppe i fjellet er det storarta snøforhold, melder dagleg leiar Gösta Storbacka i Voss Fjellheisar.

Også daleg leiar Fredrik Tønjum i Eikedalen Skisenter reknar med at løypetraseane skal halde til påsken er passsert.

— Vi er meir opptekne av at stolheisen vår er ute av drift nett no. Håpet er å få den i stand til palmehelga. Men uansett har vi kapasitet på rundt 6000 i timen, og det skulle halde, seierr Tønjum.