Vidare bør kommunane fortsett ha ansvar for økonomisk sosialhjelp. Fylkesutvalet vil her særleg leggje vekt på at samordningsproblema er størst innanfor dei arbeidsretta tenestene og tiltaka. Danning av ein gigantorganisasjon vil kunne skapa store interne samordningsproblem. Fylkesutvalet er samd i at ein ny statleg arbeidssøkjarstønad kan lette overgang til arbeid for dei som er utan dagpengerettar, og støtter dette framlegget.

Dette seier fylkesutvalet i ei fråsegn til stortingsmeldinga om samordning av Aetat, trygdeetaten og sosialtenesta.

Fylkesutvalet peikar på at det er eit stort behov for ei betre samordning og betre brukarretting av tenestene innanfor velferdsforvaltinga i Noreg. Dagens organisering har vore eit stort problem i arbeidet med å gjennomføre arbeidslina. Dette gjer det naudsynt å få raskt på plass ei betre organisering av forvaltinga innan dette området.

Fylkesutvalet meiner omtalen av «regional modell» er utilstrekkeleg og dels feilaktig. Framtidig organisering av arbeidsmarknadspolitikken bør ta utgangspunkt i tydelegare regionale arbeidsmarknadsstrategiar tilpassa lokale og regionale forhold. Spesielt dersom vi frametter får større og sterkare regionar med eit auka samfunnsansvar, bør det vurderast om fleire av verkemidla i arbeidsmarknadspolitikken bør overførast til eit regionalt folkevald nivå, seier fylkesutvalet. (Dette punktet vart vedteke mot tre (Frp) røyster.)

Hordaland fylkesutval meiner at ei utlokalisering av statlege arbeidsplassar er viktig for å få ei meir balansert utvikling i heile landet. Fylkesutvalet vil peike på at både ein etat for arbeid og inntekt og ein etat for pensjonar godt kan heilt eller delvis lokaliserast utanom Oslo-området. (Dette punktet vart vedteke mot tre (Frp) røyster.)