KRISTINE HOLMELID

Tre grunnskular i Hordaland og ein i Sogn og Fjordane har nyleg blitt godkjende etter friskulelova. Desse er:

  • Daltonskolen i Bergen (8-10 klasse, inntil 180 elevar)
  • Da Vinci Montessoriskole i Bergen (1-7 klasse, inntil 140 elevar)
  • Stord kristne grunnskole (1-10.klasse, inntil 150 elevar)
  • Holmedal skule (Montessori) i Askvoll (1-7 klasse, inntil 45 elevar).

— Fleire vaksne i skulen

Frå før er det til saman 13 private grunnskular i dei to fylka, med nærare 2000 elevar. Dei fire nye skulane har fått godkjenning for til saman 515 elevar.

Da Vinci Montessoriskole på Minde har fått godkjenning for inntil 140 elevar, men byrjar med 12 elevar no om to veker. Daltonskulen i Bergen, Holmedal skule og Stord kristne grunnskole får ikkje oppstart i haust.

— Foreldra er opptekne av at vi har fleire vaksne per elev enn den offentlege skulen. Vi har også eit heildagstilbod til alle elevane. Opplæring betre tilpassa den enkelte elev, sjølvstendig jobbing og mykje prosjektarbeid gjer oss annleis enn den offentlege skulen, seier dagleg leiar Ragnhild Iversen i Da Vinci Montessoriskole.

- Mislikar sexundervisning

Friskulelova har gjort det lettare å opprette private skular. Før måtte nye skular ha eit alternativt livssyn eller vere eit faglig-pedagogisk alternativ til den offentlege grunnskulen. No kan skular som har det same opplæringstilbodet som den offentlege skulen også få godkjenning.

Så langt i år har Utdannings- og forskingsdepartementet godkjent 38 nye skular etter friskulelova. Skuleåret 2003-2004 gjekk 605.000 elevar i offentlege grunnskular, og 12.000 elevar i private.

— Mange foreldre er misnøgde med den offentlege skulen, seier konsulent Helge Vatne i Kristne Friskolers Forbund (KFF).

51 frittståande grunnskular er medlemmar av KFF. Dei siste åra har det blitt fleire foreldre som ønskjer å ta borna ut av den offentlege skulen. Men det er berre åtte promille av norske elevar som går i kristne grunnskular.

— Foreldra ønskjer at barna skal få ei klarare kristen oppdraging, i ein skule der kristne verdiar og Guds ord kjem tydelegare fram, seier Vatne.

— Eit anna argument mot den offentlege skulen er KRL-faget (Kristendoms-, religions-, og livssynskunnskap), som mange mislikar fordi det blandar saman ulike religionar. Andre foreldre er misnøgde med seksualundervisninga, som dei meiner inneheld for lite etikk og moral, seier Helge Vatne i Kristne Friskolers Forbund.

Det er i dag tolv private grunnskular i Hordaland og ein i Sogn og Fjordane:

  • Askøy friskole
  • Adventkirken grunnskole, Bergen
  • Danielsen ungdomsskole, Bergen
  • Levende Ord Grunnskole, Bergen
  • Montessoriskolen i Bergen
  • Rudolf Steinerskolen, Bergen
  • St. Paul skole, Bergen
  • Steinerskolen på Skjold
  • Danielsen ungdomsskule, Sotra
  • Levende Ord Barneskole, Lindås
  • Hosanger Montessoriskule, Osterøy
  • Tysse Montessoriskule, Osterøy
  • Nordstranda Montessoriskule, Vågsøy.

Kjelde: GSI (Grunnskolens Informasjonssystem)