— Vi fortvilar slett ikkje. 2008 vart det neste beste året i Flåmsbana si soge. 544.108 passasjerar. Det er bra det også, seier marknadssekretær Monna Kjos Almenningen.

Ho vedgår likevel at det var kjekkare å kunne fortelja om nye rekordar ved kvart årsskifte.

Nest best

Nedgangen frå toppåret 2007 vart 38.718 passasjerar, eller 6,6 prosent. 2008 plasserer seg på nestbesteplass gjennom tidene, med meir enn 7400 fleire passasjerar enn i 2006.

Det er første gong Flåm Utvikling AS opplever nedgang i togtrafikken. Selskapet overtok ansvaret for Flåmsbana frå 1. januar 1998, etter forhandlingar i 1997 om privatisering. Då hadde NSB i tre år på rad opplevt nedgang i trafikktala etter OL på Lillehammer.

Tala avspeglar at OL ikkje gav norsk reiseliv stor og langvarig draghjelp. Faktisk gav promoteringa framfor leikane på Lillehammer, og forventningane, langt betre utteljing for Flåmsbana. Trafikken auka durabeleg i åra før OL, og nådde ein førebels topp på nær 380.000 passasjerar sommaren 1994, rett i etterkant av OL, for deretter å gå nesten like bratt ned att til 333.000 i 1997.

Frisk satsing

Private Flåm Utvikling AS satsa tungt på marknadsføring i nye deler av verda, særleg Asia, Spania og Russland, og har fått til eit eventyrleg oppsving frå overtakinga i 1998. Det tiande året, 2007, tronar på toppen med 582.826 passasjerar.

Statistikken for Flåmsbana fortel om fleire tilfelle av forbigåande svikt. Til dømes spela krigen på fjerne Falklandsøyane turisttrafikken i Europa eit puss i 1982. Men allereie året etter var trafikken attende på 1981-nivået.

  • Får Flåmsbana nytt oppsving i år?
  • Det er svært vanskeleg å seia. Vi ligg på eit svært høgt nivå, og det er ikkje opplagt at vi skal slå rekorden kvart år, seier Monna Kjos Almenningen.

Breiare plattform

Ho fortel at arbeidet med utviding av plattforma i Flåm kjem straks i gang, og står venteleg ferdig til trøkket kjem til sommaren. Det gir langt betre tilhøve på Flåm stasjon. Dei siste åra har påstigande sommarturistar måtte gjerdast inne med tausperringar så dei ikkje går ut på den smale plattforma før avstigande passasjerar har fjerna seg.

Meininga var å utvida plattforma framfor sommarsesongen i fjor, men Jernbanetilsynet godkjende ikkje dei første planane.

Sævig, Rune