Jusprofessor og valnerd Johan Giertsen, som samlar kommunemålingar frå heile landet, har rekna seg fram til at oppslutninga om Frp utanom Bergen er 24,8 prosent. Det er ein framgang på heile 5,9 prosent i høve til kommunevalet i 2003.

Den største framgangen ser partiet i Bømlo og Tysnes. Bømlomålinga gjev Frp 31,4 prosent mot 18,9 ved førre kommuneval. I Tysnes er tala 25,6 og 11,5 prosent.

Óg i dei andre målingane som er gjort i fylket går partiet fram (2003-valet i parentes):

  • Fitjar 19,7 (11,5)
  • Odda 11,3 (6,7),
  • Kvinnherad 19,6 (16,7) og
  • Stord 17,0 (15,9), men på Stord fekk Frp 25 prosents oppslutning før sommarferien.