Veitastrond ventar framleis

Innbyggjarane i Veitastrond i Luster er framleis isolerte etter tirsdagens ras. No ventar dei på snøtunnel.

Les også:

- Me arbeider med å laga ein tunnel gjennom delar av det 400 meter breie raset. Tunnelen vil sannsynlegvis bli mellom 50 og 100 meter lang, seier Nils Magne Slinde, som er distriktsvegsjef i Sogn.

Sjå bildeserie frå raset her

Det er tredje gongen i år at bygda Veitastrond med rundt 120 innbyggjarar er isolert. Luftputebåt er no det einaste framkomstmiddelet i bygda.

Tidlegast tirsdag
Ifølgje Slinde kan tunnelen tidlegast stå ferdig tirsdag.

- Det er umogleg å seia noko endeleg tidspunkt, fordi me er heilt avhengige av vêret. Entreprenørar frå Mesta har arbeidd med tunnelen i to dagar, men har gitt seg for dagen på grunn av vêret. Viss vêret blir skikkeleg ille framover, blir det ikkje tunnel i det heile tatt, seier Slinde.

Han understrekar at det i alle tilfelle berre vil bli laga tunnel av delar av raset. Resten av raset må ryddast vekk på vanleg måte.

Ifølgje Slinde blir tunnelplanane godt mottatt av bygdefolket.

- Dei vil sjølvsagt at vegen skal opna så fort som mogleg, og eg har inntrykk av at dei er positive til tunnel så lenge det er trygt, seier distriktsvegsjefen.

Skeptiske
Men ikkje alle innbyggjarane er like fornøgde.

- Eg er litt reservert over heile løysinga. Hadde dei brukt skikkeleg utstyr er eg overtydd om at dei hadde fått rydda opp igjen på skikkeleg måte, seier Asbjørn Nes, som bur i bygda, til NRK.

Sambygdingen John Molland er også skeptisk.

- Dei kan jo ikkje berre basera seg på tunnelen utover våren. Dei kan laga han til no slik at me kjem oss ut, men eg er redd han blir til hinder når snøen begynner å smelta, seier han til NRK.

Men Molland trur likevel ikkje bygdefolket vil vegra seg for å ta i bruk tunnelen viss han kjem på plass.

- Nei, ikkje rett etter at han er laga. Men me får no håpa at det blir så mildt framme hjå oss at tunnelen dett saman om ikkje så lenge, seier han.

Ifølgje NRK blei det bygd ein tilsvarande snøtunnel, som fungerte, på Veitastrond i 1976.

Kva synest du om saka? Sei di meining her.

Les også

Siste fra Lokalt

Kranglete mann kom kjørende full på fest

Politiet rykket ut til Rosendal.

Ramponerte flere parkerte biler

Mann sendt til legevakt for å sy sårene etter å ha knust flere ruter.

Her stiller han klokken

«Jeg er kongen av Bergen», ropte mannen etter å ha dyttet på viserne.

- Aldri sett så mye grisekjøring

Her fliser han forbi, tett inntil land i høy fart.

Krasjet på land med båt

Båtfører i 40-årene sendt til sykehus.

Relaterte bilder

SKYTTELTRAFIKK: Luftputebåten på Veitastrond har gått i skytteltrafikk etter at bygda blei isolert tirsdag. Foto: Jon Molland

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger