EYSTEIN RØSSUM

I går vart 22-åringen sett på frifot, etter å ha tilstått at ho ved tre tilfelle formidla kontakt mellom horekundar og ein estisk prostituert i Drammen. Bergen tingrett dømde aleinemora til 15 dagar bak murane, men fordi ho alt hadde vore 11 dagar i varetekt kunne ho gå ut av tinghuset som ei fri kvinne. Ho fekk også 30 dagars fengsel på vilkår, men desse slepp ho å sone så sant ho unngår ny kriminalitet dei neste to åra.

I retten sa 22-åringen at prostitusjonen i Bergen og Drammen var organisert av bakmenn i Noreg og Estland. Halliken hennar var ein 26-åring som også vart tatt i hallik-razziaen sist veke.

Det var han som frakta henne til Bergen frå Estland etter nyttår og ordna med husvære og telefonar. Han skal ha fått to tredelar av inntektene.

— Eg er redd

Både 26-åringen og ein 42-åring som skal ha styrt trafikken i Bergen var til stades då saka mot kvinna tok til. Dei måtte gå ut under 22-åringens forklaring, fordi ho elles ikkje ville våge å fortelje det ho visste.

Men også utan dei to mennene på plass nekta 22-åringen å svare på fleire spørsmål.

— Eg er redd for organisasjonen, sa 22-åringen på spørsmål om kvifor ho ikkje ville namngi fleire bakmenn.

Ho opplyste at ho veit om fire-fem hallikar i Noreg, og at det heile blir leia frå Estland. Kven bakmennene i Estland er, visste ho ikkje.

— Eg ville heller ikkje fortalt det om eg hadde visst det. Eg er redd, gjentok 22-åringen.

Styrt frå utlandet

Tingretten slår fast at kvinna har hatt ei lita rolle i organisasjonen. Prostitusjonen har vore organisert, hierarkisk oppbygd og styrt frå utlandet av ei kriminell gruppe.

Den arbeidslause 22-åringen sa at ho ikkje var utsett for tvang eller press frå hallikane, men at ho prostituerte seg for forsørgje seg sjølv og den fem år gamle sonen sin i Estland. Då ho vart tatt var ho på sin tredje tur til Noreg på eitt år.

Politiet meiner dei har namnet på eit titals kvinner som har seld sex for ligaen. Etterforskinga mot dei tre andre som er fengsla held fram. Siktingane byggjer blant anna på avlytta telefonsamtaler, og på eit sex-rekneskap som vart funne heime hos 42-åringen på Sotra.

USAMDE OM FRYKT: Advokat Knut Braathen (t.v.) meinte det ikkje var truverdig at den 22 år gamle prostituerte var redd, men fekk ikkje medhald. Han forsvarer mannen som skal ha vore halliken hennar. Advokat Stein Erik Ottesen (i stolen) forsvarte 22-åringen.<p/>FOTO: GIDSKE STARK