Tunnelen er med i bompengeprosjektet Kvammapakken. Det har vore ein del motstand mot å leggja denne strekninga i tunnel. Enkelte vil i staden utbetra eksisterande veg i dagen. Statens vegvesen og Kvam Bompengeselskap har likevel halde fast på tunnelløysinga, og henta inn tilbod.

Rimelege tunnelprisar

Veidekke vil ha knapt 110 millionar kroner for jobben, medan dei tre andre tilbydarane ligg mellom ni og tolv millionar kroner over. Jobben går til den som ligg lågast når Vegvesenet har kontrollrekna tilboda, og sjekka om alle postar er med.

Vegdekke har frå før betongarbeidet på Hardangerbrua og tunnelen forbi Skjervet på riksveg 13 Voss-Granvin i bompengeprosjektet Vossapakko.

Meir robust «pakke»

Prosjektleiar Rolf Harkestad i Statens vegvesen seier at prisane på Børvenestunnelen vart litt lågare enn han hadde frykta. Han tolkar dette slik at entreprenørane ikkje ventar mange oppdrag med tunneldriving i næraste framtid. Det er ikkje sikkert at situasjonen blir den same når andre element i Kvammapakken skal lysast ut. Her er det snakk om veg i dagen, og prisane kan lett bli høgare enn kalkylen.