Bergens Tidende skreiv i dag at ei rekke personar har hatt livet sitt ved å hoppe frå blant anna Askøybrua. Statens Vegvesen har tidlegare avvist å gå inn i denne problematikken, og svarte også i går at bruene og rekkverka er utforma etter regelverket og at etaten ikkje kom til å setje inn ytterlegare tiltak.

Men no snur likevel vegvesenet. I ei pressemelding viser dei til avisartikkelen og seier at dei no vil undersøke mogelege løysingar for å hindre sjølvmord frå bruene.

— Det er alvorleg og trist når bruene våre blir nytta på ein slik måte, seier Olav Finne, distriktsvegsjef i Bergen distrikt.

Finne understrekar at Statens vegvesen ikkje har fagkunnskap og er difor. avhengig av hjelp fra andre faginstansar om sjølvmordsproblematikken og om moglege løysingar. Vegvesenet vil no kontakte rettsmedisinske kjelder om dette.

— Vi vil finne ut meir rundt dette, eksempelvis om det er hjelp i tiltak på enkeltbruer, eller om vi i så fall berre flyttar problemet til andre bruer, seier distriktsvegsjefen.

— I tillegg må vi vurdere alle sider ved eventuelle tiltak, så som holdbarhet, vindfang, belastning på brua og seglingshøgde for eventuelle tryggleiksnett.

Vegvesenet Region vest skal no ta initiativ overfor Vegdirektoratet for å få fram opplysningar om problemomfanget og moglege løysingar frå driftsansvarlege for store bruer andre stader i inn- og utland.

— Dessverre kan vi aldri sikre oss hundre prosent mot at bruer og vegnett kan bli nytta i tragiske sjølvmordsforsøk, men vi vil prøve å avgrense problemet, seier distriktsvegsjef Finne.