— Konsekvensen av dette blir seinare varsling og lenger utrykningstid. Vi har eksempel på at direktevarslinga har ført til at liv har blitt redda i tunnelulukker, seier brannsjef Arvid Gilje i Aurland kommune til Bergens Tidende.

Aurland har landets to lengste tunnelar innanfor sine kommunegrenser, og brannsjefen er rysta over meldinga dei har fått frå vegvesenet. Gilje, som er rekna som ein av dei fremste ekspertane i landet på brann i tunnelar, meiner kommunane no må vurdere å påleggje vegvesenet å ha ein tunnelberedskap som inneber direkte varsling til alarmsentralen. I følgje Gilje er dette opp til den enkelte kommune å gjere.

— På enkelte bygg, t.d. sjukeheimar, er det krav om direktevarsling til 110. Det same bør gjelde for tunnelar, seier Gilje.

I Sogn og Fjordane har Alarmsentralen i Florø hatt tilgang til nøyaktig same varslingssystemet for tunnelane som vegvesenet sjølv. Når eit pulverapparat blir fjerna frå ein tunnelvegg, har Alarmsentralen fått melding om det på nøyaktig same tidspunkt som vegmeldingssentralen i Lærdal. For dette har vegvesenet betalt 350.000 kroner i året.

Til Bergens Tidende seier seksjonsleiar for vegtrafikksentralen i region Vest, Terje Totland, at dei har sagt opp avtalen om å betale for denne ordninga. Ikkje sjølve varslingstenesta.

— Vegvesenet har ansvaret for overvaking og varsling av trafikken, også i tunnelane. I resten av landet fungerer dette slik at vegtrafikksentralane varslar alarmtenesta dersom noko har skjedd. Vi vil no få det same systemet i Sogn og Fjordane som resten av landet. Eg kan ikkje sjå at det er noko problem med dette. Alarmsentralen for Sogn og Fjordane vil framleis kunne ha tilgang på det same utstyret som vi har, seier Totland.

Men så enkelt er det ikkje, i følgje dagleg leiar Terje Brandsøy ved Alarmsentralen for Sogn og Fjordane i Florø.

— Skal vi ha same utstyret på plass og jobbe på same måte som før, betyr det at vi arbeider gratis for Statens vegvesen. Det kan vi ikkje gjere i forhold til alle andre kundar som betaler for våre tenester.

— Så kva blir konsekvensen?

— At det blir eit ledd meir. No må vi bli varsla frå vegtrafikksentralen, og ikkje direkte slik som før.

I følgje Brandsøy er kanskje likevel det verste at nødtenestene misser viktig informasjon som dei før fekk på direkten.

— Ved å ha tilgang til same datautstyret som vegvesenet, har vi fått opplysningar om kvar i tunnelen noko har skjedd, vindretning, om viftesystemet fungerer og anna viktig informasjon i ein hektisk utrykningsfase. Det må vi skaffe oss over telefon, seier Brandsøy.

Leiaren for Alarmsentralen meiner det som no skjer er svært uheldig.

— Dette er eit unikt system som er blitt bygt opp sidan 1997. Gradvis har vi fått heile fylket med i ei ordning som etter mitt syn har fungert svært godt.