I førre veke skreiv BT om dei to polske elektrikarane Leszek Niewinski og Adam Malinowski, som til saman har ca. 460.000 kroner til gode for arbeidet dei utførte på Hardangerbrua.

Totalt har 12 polske elektrikarar bede Statens vegvesen betala ut i alt 2,5 millionar kroner dei har til gode for installasjonsjobben.

Skulle avsluttast «hurtigst mulig«

Det er eit dansk advokatselskap som utfører oppgåvene for konkursbuet etter at elektroentreprenøren KB Electrotech gjekk konkurs i fjor haust.

No melder Statens vegvesen på sine heimesider at dei seinast denne veka har purra konkursbuet om restløna til mannskapa.

«I ei purring frå Statens vegvesen 8. juni svarar bustyret at gjennomgangen av arbeidslistene skulle avsluttast «hurtigst mulig». I eit nytt purrebrev denne veka ber byggherre om at konkursbuet presiserer kva dei meiner med «hurtigst mulig», skriv Statens vegvesen.

Manglar namn og adresser

— Buet må dokumentera at tilgodehavande kjem fram til rette vedkomande, og ikkje forsvinn i bubehandlinga. Vi har fokus på at tariffavtalar blir overhaldne, og håpar at dette ordnar seg, sa Bente Johnsen Aase, prosjektleiar for Hardangerbrua i Statens vegvesen, til BT 25. juni, og la til:

— Vi har korkje namn, adresser eller opplysningar om kor lenge dei var på anlegget. Dette må buet framskaffa.

Statens vegvesen har halde att midlar til elektroentreprenøren på grunn av usemje om godtgjersla til dei polske mannskapa. Men Statens vegvesen skriv at dei ikkje kan betala beløpa direkte til mannskapa, fordi dei treng dokumentasjon frå konkursbuet på at dei har betalt ut mannskapa - før ein kan frigjera midlane.

- Vanleg metode

— Konkurs er ein vanleg metode når vi stemner bedrifter og set fram krav etter lønsgarantiordninga. Dermed kan dei løfta kravet over på samfunnet, sa Jan Henrik Larsen, forbundssekretær i EL & IT Forbundet til BT i førre veke.

Han har registrert ein sterk auke i tilfelle av det ha kallar sosial dumping etter at bransjen i 2010 mista retten til allmenngjering av Landsoverenskomsten for elektrofag.

Hardangerbrua opna i august i fjor.