Etaten Statens vegvesen skiljer lag med produksjonsfolka. På landsbasis strøymer 5000 tidlegare vegvesen-tilsette over i eit nytt entreprenørselskap.

150 års historie broten

Ikkje mindre enn 150 års vegvesen-historie vert broten opp ved denne hendinga. I går vart dette vegskiljet markert då vegsjef Lars Lefdal leverte Statens vegvesen Sogn og Fjordane sin nøkkel til regionvegsjef Ole Chr. Torpp, som skal styre den nye forvaltningsetaten Statens vegvesen, Region vest.

Nøkkeloverleveringa markerte altså at trossa vart hoggen av i Vegvesenet; produksjonsfolka og dei gule bilane siglar vidare i eigen organisasjon, eit statleg selskap med full konkurranse med entreprenørbransjen om oppgåvene innan bygging, vedlikehald og drift av vegane.

Statens vegvesen blir ståande att som ein rein forvaltningsetat, og er over natta ribba for om lag halve staben.

Vemodig

— Ei ny tid er komen. Det er vemodig at vegkontora i fylka er borte, i alt 19 institusjonar som i generasjonar har gjort ein jobb på vegane. At vi har mista produksjonen, vil nok bli mest merkbart for oss. Vegarbeidaren, vegarbeidskulturen er borte. Det same er dei gule bilane, sa Torpp då han i går føremiddag tiltrådde som regionleiar.

— Vi skal få meir ressursar ut på vegane. Det skal vi oppnå med å bruke mindre pengar på leiing og administrasjon, og samordne og nytte kompetansen vår på tvers av fylkesgrensene på Vestlandet, sa han.

Ned til 720 tilsette

Etter at heile produksjonsstaben no er borte og overført til selskapet Vegproduksjon AS, sit regionvegsjefen tilbake med 850 tilsette i ein forvaltningsetat på Vestlandet.

— Vi har fått direktiv om å kutte dette talet ned til 720 innan utgangen av 2005. I år vil talet på tilsette bli redusert med 40, seier Torpp til Bergens Tidende.

For dei 5000 produksjonsfolka som 1. januar forlet Statens vegvesen ventar ein tøff kvardag: - Mange er spente på korleis det skal gå. Det er slett ingen spøk å få eit nytt entreprenørselskap med 5000 tilsette ut i eit marked som er ganske pressa, skriv etatsavisa Vegen og vi.

For dei tilsette som er att i «gamleetaten» går det heller ikkje alltid på skinner i det nye Statens vegvesen. Det kan regionvegsjef Andreas Setsaa i Region sør fortelja om: - Det finst mange eksempel på at gode medarbeidarar ikkje har fått ynskja sine oppfylte ved denne store omorganiseringa. Nokon er nok også oppgitt og slitne, seier Setsaa til avisa.

MARKERING: I går leverte vegsjef Lars Lefdal (t.h.) Statens vegvesen Sogn og Fjordane sin nøkkel til regionvegsjef Ole Chr. Torpp, som skal styre den nye forvaltningsetaten Statens vegvesen, Region vest.<p/>Foto: ODDLEIV APNESETH