I dag blir realistiske og urealistiske prosjekt mellom Skei i Jølster og Spjelkavik i Ålesund bretta ut hotellet i Nordfjordeid.

Det ligg an til strid om kvar det skal bli veg i vellinga, og kva som ikkje skal bli anna enn strekar på kartet.

I Nordfjord kan Stryn utfordra Gloppen og Eid, som har europavegen i dag. På Sunnmøre gir det nyopna Eiksundsambandet ein sjanse for Ulstein og Hareid til å utfordra Vartdalstranda i Ørsta.

Men tunnel under møretorsken i Borgundfjorden blir sett på som ei lokal oppgåve. Planfolket vil ikkje leia stamvegtrafikk nærare bykjernen i Ålesund enn til den store rundkøyringa på Moa i Spjelkavik.

Kviven er med

Alle slike utgreiingar skal ha eit nullalternativ, som regel eksisterande veg. I dette tilfellet forskotterer ein også Kvivsvegen, det ferjefrie vegsambandet mellom Hornindal og Volda som er under bygging. Kvivsvegen eliminerer ei ferje på E39, men har mest å seia for trafikk mellom Søre Sunnmøre og Austlandet, via Stryn og Strynefjellet.

— Vi har også gått attende til dagens E39 gjennom Stigedalen og Bjørkedalen, og teke med ei bru over Voldafjorden i staden for ferja Volda - Folkestad i eitt av alternativa, seier Kjell Kvåle i Statens vegvesen.

I same slengen har dette alternativet (K6) med ei bru over Nordfjord ved Lote - Anda.

Vegvesenet har delt strekninga i to, nord og sør for Volda.

Desse alternativa har passert den første utsilinga:

Skei - Volda

K0: Nullalternativet. Kvivsvegen gir tre mils omveg, men same køyretid fordi ein sparar stigninga i Stigedalen/Bjørkedalen og ferja Volda- Folkestad.

K2A: Betre ferjefrekvens Lote-Anda.

K3: Ny tunnel Lote - Breisvora (ved vestenden av Hornindalsvatnet). Sparer omveg om Nordfjordeid sentrum.

K9: Tunnel under Utvikfjellet, frå Byrkjelo mot Stryn.

K4 Bru over Nordfjord ved Lote - Anda, på storleik med Hardangerbrua.

K6: Bru både over Nordfjord (K4) og Voldafjorden.

K10: Bru over Nordfjord ved Svarstad innanfor Innvik. Kutta omveg om Olden, Loen og Stryn. Kostnad rundt 3 mrd.

Volda - Ålesund

K0: Nullalternativet, som i dag

K1: Auka frekvens på ferjene.

K4: Bru eller tunnel i ytre Ørstafjorden.

K5: Lang flytebru erstattar ferja Solevågen - Festøya. Treng siglingshøgd for turistskip til Geiranger.

K2: Tunnel under Breisundet (Hareid - Sula) pluss nytt løp i Eiksundtunnelen.

K3: Som K2, men med røyrbru under sjøflata i Breisundet.

Forkasta

Blant spektakulære prosjekt som er vraka, er ein undersjøisk tunnel heilt frå Vartdal i Ørsta til Moa i Ålesund. To liner gjennom Sunnmørsalpane har også fått tommelen ned. Den eine via Rommedalen frå Ørsta til ferjekaien på Festø. Den andre langs spektakulære Hjørundfjorden.

Den neste biten av Kyststamvegen som skal under lupa, går frå Spjelkavik via Molde til Bergsøya innanfor Kristiansund.