Arnfinn Ansok i Statens vegvesen meiner at dei to bompengepakkane vanskeleg kan skiljast.

— Når Regjeringa i krisepakken har forskottert stortingsgodkjenning av Vossapakko i vår, må Kvammapakken bli med på lasset, meiner distriktssjefen.

Det blir problematisk om ein av vegane blir overbelasta av bilistar som vil unngå å betala bompengar.

Hektisk

Etter fleire år med relativt lite pengar å rutta med, går distriktet no inn i ein aktiv fase. Ansok og folka hans får mykje å henga fingrane i.

  • Hardangerbrua står rett framfor oppstart, om lag to milliardar kroner. Opning i 2013.
  • Vossapakko fekk 40 millionar kroner av Regjeringa nyleg, og startar opp til hausten. Samla kostnad vel ein milliard kroner, fordelt på Voss-Granvin, tunnel bak Vangen og kryss på Stanghelle. Ferdig 2013.
  • Jondalstunnelen står framfor tilbodsutlysing. Kostnad 750-800 millionar kroner, avhengig av alternativ. Det kan bli anleggsstart i haust, og opning i 2013.

*Kvammapakken får truleg første løyving på statsbudsjettet for neste år, og anleggsstart på flekken. Staten betalar berre ti prosent av kostnaden på 450 millionar kroner. 90 prosent skal betalast av bilistane. I pakken inngår tunnel frå Øystese forbi Børveneset, vegutbetring vidare mot Norheimsund, og frå Norheimsund til Vikøy. Også vegen austover frå Øystese til den store svingen ved Laupsa skal rustast opp i dagens trasé. Mindre parsellar på riksveg 7, og ved Linga på riksveg 49, skal utbetrast.

Krisepengar

Regjeringa sin tiltakspakke inneheldt også pengar til ei lang rekke prosjekt i dette distriktet som i tillegg til Voss og Hardanger femner om Vaksdal og kommunane sørover, til og med Tysnes.

Av ordinære vegprosjekt er Moshovdtunnelen i Fusa nærast fullføring. Her skal snora klippast 17. mars. Rundt ti andre prosjekt er i arbeid eller klare til oppstart i år, medan Gaupholm - Førlandsosen i Samnanger og Bavallsvegen på Voss står på vent. Fem gang- og sykkelvegar er under arbeid eller planlegging.