Dette kan føra til utsetjing av heile Nordhordlandspakken. Men kanskje ikkje med meir enn eitt år.

Leiar for strategistaben i Statens vegvesen region vest, Inge Alsaker, peikar på to viktige manglar dei meiner må rettast opp:

n Bompengesøknaden oppfyller ikkje nytteprinsippet. Ein bomstasjon, på Nordhordlandsbrua, er ikkje nok. Ein til må setjast opp, truleg på Radøy.

n Prinsippet om lokal semje er heller ikkje oppfylt, i og med at Meland kommune har gjort eit anna vedtak enn dei andre.

Over til fylket

Med desse merknadene sende Statens vegvesen i går si innstilling om bompengesøknaden for Nordhordlandspakken over til Hordaland fylkeskommune.

Etter Statens vegvesen si meining må fylkesrådmannen nøye vurdera om fylkestinget kan slutta seg til bompengesøknaden, slik han ligg føre i dag.

Eit alternativ er, skriv vegvesenet, at fylkestinget i oktober sluttar seg til prinsippa som ligg i Nordhordlandspakken, med bompengar og det heile. Så kan det arbeidast med søknaden for å få alt på plass, slik at Nordhordlandspakken kan koma inn i Nasjonal Transportplan frå 2010.

Bom på Radøy

— Dette meiner vi er den sikraste måten oppnå ei positiv handsaming av Nordhordlandspakken fram mot vedtak i Stortinget, seier Inge Alsaker i Statens vegvesen.

— Ville nytteprinsippet vore oppfylt med ein bomstasjon på Radøy i tillegg til Nordhordlandsbrua?

-Det trur eg nok, seier Alsaker.

Nær halvparten av investeringane i fase ein av Nordhordlandspakken, 393 millionar kroner, skal nyttast på Radøy.

Av alle kommunane i Nordhordland, er det berre Fedje som har gått inn for to bomstasjonar, som også var innstillinga frå styret i Regionrådet for Nordhordland.

Men representantskapet i Regionrådet vedtok ein bomstasjon, på Nordhordlandsbrua, og fekk med dei andre på det.

Optimist

Lindås- ordførar Tove Linnea Brandvik meiner likevel av fylkestinget kan vedta bompengesøknaden og senda han over til sentral handsaming i Oslo.

— Eg er optimistisk, og ventar difor at fylkestinget vil leggja vekt på den breie politisk semja mellom kommunane i Nordhordland i denne saka, seier Brandvik.