ARNE HOFSETH

Mellom 500 og 600 av vel 800 tilsette i Statens Vegvesen sin region Vest la frå seg planar om nye lyskryss, rundkøyringar og andre lumske feller for bilfarande, og møttest til leik og alvor på Voss då dei leid mot helg. Rundt 400 dreiv i går lagbygging i parkområdet Prestegardsmoen ved Vosso og Vangsvatnet, medan andre drista seg på rafting, paragliding og anna som høyrest skummelt ut.

Imponert sjef

Regionvegsjef Ole Chr. Torpp var imponert over at så mange av medarbeidarane hans kunne prioritera denne samlinga som strekk seg inn i helga, Og han vart fascinert over korleis dei meistra oppgåvene som Øystein Wæhle og eks-alpinist Jan Einar Thorsen hjå Lagbyggerne i Bavallstunet hadde pønska ut.

— Når tre gode miljø frå dei tidlegare fylkesvegkontora i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane skal smeltast saman til eitt, er slike tiltak viktige, poengterer Torpp overfor Bergens Tidende.

Samarbeid på ski

— Vi blir forferdeleg samarbeidsvillige, konstaterte ein av deltakarane etter ein «skitur» på to plankar. Utan snø å gli på, overgjekk dei Birkebeinarane med å ha opptil åtte personar på eit par «ski».

I ei anna øving måtte leikelaget stiga opp på ein planke som låg på vippen. Det lønte seg å senda dei lettaste opp først, slik at dei enda opp ytst på kvar ende av planken, etter kvart som stadig tyngre folk varsamt steig opp ved vippepunktet. Ein annan stad i skogen måtte dei stiga frå rockering til rockering som låg på bakken, med eine foten samanbunden med foten til nestemann i rekkja. Å manøvrera ein bjelke med bind for auga etter direktiv frå ein sjåande lagkamerat var heller ikkje lett.

Under samlinga var det også tid til foredrag, fagprat, festmiddag for over 500 i idrettshallen og sosialt samvær.

LEIKANDE LAGBYGGING: Statens Vegvesen, Region Vest, driv lagbygging i Prestegardsmoen på Voss. Eit lag driv koordineringsøving i sirklar under oppsyna av idrettsgymnasiast Kjetil Teigland. I bakgrunnen til venstre eks.alpinist Jan Einar Thorsen.<br/>Foto: ARNE HOFSETH