• KRYSNINGSPUNKTET: Bogøy vil bli brufestet når Samnangerfjorden skal kryssast, dersom politikarane vel den indre traseen for ny E39 mot Stavanger. Så blir det truleg ny bru over Ådlandsfjorden. - Dette er relativt små bruer som kan byggjast med velkjend teknologi, seier Terje Raunsgard i Fusa Utviklingsselskap. Han kjempar for den indre kyststamvegen.

Vegen vil gjere Fusa til indrefileten

I Fusa er dei ikkje i tvil: Det indre alternativet for E 39 vil knyta fylket saman på ein mykje betre måte enn brualternativet. Og sjølve midtpunktet kjem i Eikelandsosen.