Thich Viem Tanh kneler tre gonger ved alteret for dei døde, før han går inn til dei levande.

Lyden av ei motorsag smyg seg inn frå verda utanfor.

Flankert av fotografi av dei som no er borte, står statuen av Dia Tang. Han skal frigjere sjeler som har hamna i helvete.

Det er eit typisk norsk nabolag i eit typisk norsk byggjefelt med typiske norske hus, og i eitt av dei bur Thich Viem Tanh.

Han er munk. Han ber for Noreg kvar kveld.

Munken er det sentrale samlingspunktet i tempelet i Godvik – med okergul bordkledning og overflødige lecablokker langs grunnmuren. Hit kjem buddhistane for å be, tenkje, meditere, for å slå av ein prat og kanskje dele eit måltid.

Livet etter livet

– Eg prøver å konsentrere meg om karma, forklarer Eva Hua, ein av dei mest aktive i tempelet.

Ho kom 13 år gammal til Bergen som båtflyktning saman med mor og sju sysken. Far var igjen i Vietnam, men kom to år seinare.

Få år etter døde han.

– Då far gjekk bort, begynte eg å tenkje. Han hadde gifta seg som 16-åring, jobba hardt for å forsørgje familien. Og så døde han så altfor tidleg. Eg såg ikkje meining i livet, fortel Eva.

Ho søkte tilbake til sine religiøse røter.

Buddhistar må leve etter fem grunnleggande levereglar:

Det er forbode å drepe, stele, lyge, å skade andre seksuelt og bruke rusmiddel.

Karma er den lagnadstunge summen av handlingane våre. Gode liv etter dette livet er avhengig av god karma.

Døden er ein transport til det neste livet.

For å gjere ei lang og komplisert historie kort:

Buddhismen delte seg tidleg i ei rad retningar, og inkluderer i dag eit stort mangfald av ulike religiøse tradisjonar. Ein av desse er mahayana-buddhismen, og ein avleggjar av denne dominerer i Vietnam – og Godvik.

Innanfor, utanfor

Ei kvinne feller ei tåre ved Dia Tang.

Han er ingen buddha, men ein bodhisattva, fullkomen, opphøgd og opplyst. Men han har ikkje tatt steget inn i nirvana.

I Mahayana-buddishmen er bodhisattvaene blitt verande i livssyklusen for å hjelpe menneske til frelse.

Inne i stova, den typisk norske stova med det store alteret og dei store buddhafigurane, står sju kvinner og to menn i lyseblå kapper på kne.

Munken, tenner røykjelse, tar ein mikrofon mellom hendene og siterer frå skriftene, først monotont, så melodiøst. Den eine mannen oppsummerer frasen med eit slag på gongongen.

Naboen med motorsaga gir seg ikkje.

Song, bjøller, rytmiske slag på perkusjonsinstrument.

Telys frå Ikea skaper stemning innanfor dei typisk norske veggene, med typisk norsk tapet og typisk norske gardiner.

Innanfor veggene finst fargar, teppe, broderte silkeputer og orkidear.

Utanfor veggene finst bjørk, asfalt, løvetann og gråstein.

Utanfor alt finst frelse.

Gløden etter døden

Målet, det verkeleg langsiktige målet, er nirvana. Nirvana er ein tilstand, eit nivå i komplett visdom og fred, frigjort frå den jordiske syklusen.

Buddhismen byggjer på læra (dharma) og innsiktene til den indiske prinsen Siddharta Gautama, formulert for 2500 år før vår tidsrekning, eller 500 år før Jesus, om du vil.

Han fekk det ærerike klengenamnet Buddha (den opphøgde eller opplyste) etter at han gjennom meditasjon fann vegen til innsikt, vegen til nirvana.

Huset i Godvik vart tatt i bruk som tempel 1500 år seinare, i 2001.

Thich Viem Tanh, munken, tok tempelet til heim.

– Eg ber for Noreg kvar kveld. Eg ber for fred for alle. Eg ber fordi eg er takksam til landet som tok imot meg, seier Thich Viem Tanh, og serverer grøn te i små, velbrukte, koppar med motiv frå Gran Canaria.

Han kom også som flyktning. I Noreg nådde han målet om å bli munk. I dag ser han på seg sjølv som norsk.

– Det er godt å vere buddhist her, seier han.

Ingen ting

Dei sju kvinnene, to mennene og munken blar vidare i dei heilage skriftene. Det er mange blad.

I leitinga etter meining fann Eva meining utanfor den materielle verda:

– Det er som om vi er booka inn på eit hotell. Når vi sjekkar ut, får vi ingenting med oss. Ting betyr ingenting. Men livet stansar ikkje her, seier Eva.

Nytt slag i gongongen.

Bjøller.

Song.

Høgare, høgare, høgare.

Motorsaga stilnar.

Paul S. Amundsen
Paul S. Amundsen
Paul S. Amundsen
Paul S. Amundsen