Men det er piggar som ønskjer velkomen, piggar som tek imot, piggar som viser veg og byd på tryggleik. Piggar som det er kjekt å sjå, og kan vera livsviktig å finna og følgja.

Dei står der for deg og meg. Stramt på rekkje opp ei skråning, over ein kant, fram ein dal, rundt ei fonn og ein hammar, like fram til hyttedøra. Slik at vi skal finna vegen i rusk, eller retninga i godver. Meiningslause åleine og kvar for seg, men hundreogfemti på rekkje blir til ein plan og ein tanke, stundom til sjølve livslina.

Dei viser veg til ly og varme langt inne i fjellheimen. Og attende til bilveg når tida kjem til det.

Stille morgon

Det er stille morgon i Bergsdalen. Turen frå byen har teke ein god time. Det snør enno lett over Lid, driv enno ei og anna byge inn frå vest. Skydekket ligg framleis lågare enn dei høgaste toppane, og det er lett å tenkja seg korleis det kan vera i flatt lys og skodde. Men vi veit at det er godver på veg.

Snart er vi på veg, vi óg. Fem mann i rekkje over innmarka og opp dei første kneikane. På veg for å laga veg. Fire har lasta seg ned med kvist. 25 kilo ekstra på sekkane. Eg går framfor og brøyter spor. Oppimot ein halvmeter med nysnø gjer det til eit stykke arbeid, det og.

— Det er litt nostalgi over dette. Ruta mellom Lid og Høgabu er den siste som blir kvista for hand. Alt det andre blir gjort med snøscooter, hadde Einar Grieg fortalt i bilen oppover. Turlagsmannen var den som hadde ringt og invitert meg med for å dokumentera korleis det går føre seg når fjellet blir klargjort til vinterinnrykket. Ei handfull menn med staur på ryggen. Seigt oppover og innover.

Nyskoren staur

Ein gong var det slik det blei gjort overalt.I Stølsheimen og på Hardangervidda. I Vossefjella. Leita fram nyskoren staur frå ei fonn ved vegen. Lasta seg ned med uhandsleg bør. Ta ut ein kurs og labba av garde. Ofte i sno og fokk og utan sikt. Ofte med veret sjølv til å fortelja kor den neste stauren må plantast i snøen.

Fjellet er gjestmildt i dag. Vi har merka med raude band på bjørkegreiner nede i låglandet. Dei verste bakkane ligg bak oss. No er det snaufjellet som ligg framfor oss, og litt høgtid er det når kniven kjem fram og den første kvistbunten blir spretta. Ei bør blir halvparten så tung.

Karl H. Olsen er kvisteveteranen i følgjet. Sidan 1982 har han vore med på dette. Tallause er kvistene han har sytt for å bora på plass i fonn og skare, laussnø og is. Ingen veit kor mange kriser og leiteaksjonar som slik er blitt førebygd.

— Visst kan det vera eit slit, men eg har alltid likt å slita litt. Og jammen er det moro óg. Elles hadde eg ikkje vore med på dette, seier Olsen. Han let ikkje høvet gå frå seg til ein dag i fjellet, heller enn på kontoret.

Eventyrleg vinterland

Olsen er ansvarleg for hytteneog løypenettet i Bergen Turlag. Han kjenner kvar haug og hammar etter eit liv i fjellheimen. Mannen med det grå skjegget og det brunbarka fjeset er sjølvskriven spydspiss frametter høgfjellet.

Turen frå Lid til Høgabu er ikkje nett nokon ekspedisjon, iallfall ikkje på godversdagar. Etter tre timar står vi ved hytteveggen i eit eventyrleg vinterlandskap. Karl H. Olsen har alt fått fyr i omnen, og på kjelen er det varmt vatn til kaffi eller sjokolade. Eit følgje frå villmark valfag ved Nore Neset ungdomsskule veltar inn, ein etter ein. Dei har fått ein lett tur i dag. I ferdig brøytt spor og nymerka løype.

Osingane har snart hytta for seg sjølv, for no står snøføyka etter kvistepatruljen i dei rause renna ned att til Lid i Bergsdalen. Fri for dei tunge børene får karane brukt skikunstene sine. Teiknar runde bordar av skispor i puddersnøen frå snaufjellet og like ned i småskogen. Rein fryd.

— Det er ikkje verst til arbeid å vera, dette, seier Karl H. Olsen.

— Det hadde ikkje vore verst til fritid heller, legg han til og gliser.

FERDIG ARBEID: Kvistepatruljen klar til å kasta seg ned liene mot Lid. Einar Grieg (nærmast kamera), Kjartan Nielsen Friis, Svein Erik Berge og Karl H. Olsen.<p/>FOTO: KNUT LANGELAND
TUNG BØR: Det er ikkje lett å bera staur. Kjartan Nielsen Friis har fått børa på ryggen. Snart er dei andre klare óg. Det er eit lite blodslit som ventar der framme i laussnøen.<p/>FOTO: KNUT LANGELAND
VETERAN: Karl H. Olsen har vore i kvistebransjen sidan 1982. Her har han lagt dei verste kneikane opp frå Lid i Bergsdalen bak seg. No er det tid for å spretta ein bunt med kvist.<p/>FOTO: KNUT LANGELAND