– Vi fører opp alle ekstrakostnader med å køyre om Førde og Skei. Rekninga kjem vi til å presentere når Fatlaberget er opna att, seier dagleg leiar Per Andreas Øren til avisa Ytre Sogn.

Ras og rasfaren har så langt stengt berykta Fatla mellom Leikanger og Sogndal i to veker. Første veka var planlagt på grunn av sprengingsarbeid i den stupbratte og svært rasfarlege fjellsida. Men etterpå har steinsprang ført til fleire farlege situasjonar og nye stengingar. Bilar har blitt trefte av stein, og denne veka blei ein vegarbeidar skadd etter å ha fått ein stein i ryggen under reinskingsarbeid oppe i fjellsida. Onsdag blei det kjent at Vegvesenet vurderer situasjonen som så farleg at dei vil halde riksvegen stengt i alle fall ut heile neste veke.

Dei mange pendlarane mellom Sogndal og Leikanger blir transporterte med hur-tigbåt. Men skal du ha med bil, er alternativa anten den to timar lange kriseferja frå Hella til Kaupanger eller å køyre om Jølster og Fjærlandsvegen. For transportørane har ferja aldri vore noko alternativ, fordi dei risikerer at dei må stå att. Dermed blir det køyring gjennom Sunnfjord og ekstra utgifter i ein av dei dyraste bomstasjonane i landet for Per A. Øren.

– På ei vanleg veke har vi 70 vogntog som køyrer gjennom Fatlaberget. Det seier seg sjølv at dette fører til ekstra kostnader for oss når det kostar 750 kroner å passere bomstasjonen i Fjærland. I tillegg blir det 160 kilometer lenger køyring på kvar tur, seier Øren.