Det betyr katastrofe for landet dersom forslaget til Nasjonal Transportplan vert vedteke, seier samferdslepolitikar Per Sandberg (Frp).

Sandberg viste seg fram på stamvegkonferansen som Norges Lastebileierforbund skipa til hjå Telenor på Kokstad i går. Og Sandberg fann dei orda som lastebileigarane likte.

— Veit de kvifor Framstegspartiet er imot bompengar? Her ser de grunnen, sa han og viste fram eit kart over Noreg der oppmerkte bompengeprosjekt stod tett som hagl.

Tusenlappane flyg

Aller tettast står dei på E39 langs vestlandskysten. Bompengar og ferjer er også det som gjer vestlandsvegane så dyre samanlikna med vegane på Austlandet.

***** Køyrer du ein lastebil frå Stavanger til Trondheim, må du ut med 5659 kroner om du vel ruta på Vestlandet.

***** Køyrer du om Austlandet må du berre ut med 281 kroner.

***** Sjølv om ruta på Vestlandet er kortare, tek den likevel lengre tid enn ruta i aust.

Det store målet til Framstegspartiet er eit statleg fond for bygging av vegar og jernbaner på 300 milliardar kroner. Per Sandberg gler seg over at både Høgre og Kristeleg Folkeparti, og fleire med, ser ut til å koma etter.

— Dei kallar meg asfaltcowboy, og det kan eg gjerne stå for. Men kor vi snur og vender på det, så står det fast at 85 prosent av alt gods i landet vert frakta over ein distanse lågare enn 50 kilometer. Og då nyttar det ikkje med anna enn bil. Og då treng vi gode vegar, seier han.

Skrekkscenario

— Men kva finn vi i Hordaland? Her har riksvegane nr. 7, 13, 48 og 49 og fleire andre lange strekningar der to vogntog ikkje kan møta kvarandre. Kjem vi til Røldal, er delar av riksveg 13 frå 1890!

Det var på denne bakgrunn Sandberg teikna eit skrekkscenario av Nasjonal Transportplan (NTP) 2010-2019, slik forslaget frå etatane ser ut.

Dei gangar 2007-budsjettet med 10. Då vil ingen ting skje på vegane, er Sandberg sin spådom. Ikkje eingong om vi legg inn ein auke på 20 prosent.

Men Sandberg har sjølvsagt merka seg Jens Stoltenberg og Liv Signe Navarsete sine milliardlovnader for NTP, og er spent på kva dei får ut av det.

Vilje til satsing

Truls Wickholm (Ap), medlem av Transportkomiteen, strevde med å halda følgje med komiteformannen sin lovnader. Men han viste til at Stoltenberg-regjeringa har overoppfylt Nasjonal Transportplan så langt.

— Det viser at regjeringa har vilje til å satsa endå meir på samferdsle, meiner Wickholm.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg tok for seg E39 som livsnerven på Vestlandet. Ho viste til eit investeringsbehov på minst 45 milliardar kroner for å nærma seg ein kyststamveg utan ferjer.

Boknafjordsambandet, 25 kilometer lang undersjøisk tunnel, vil kosta seks-sju milliardar. Like mykje vil det kosta å kvitta seg med ferja Vestnes-Molde over Romsdalsfjorden.

Også Selsvold Nyborg etterlyste eit statleg infrastrukturfond for å få fortgang i utbygginga av samferdsla.

Gjenstridige kommunar

Mest omtale fekk E134, Haukelivegen. Fire kommunar i Telemark, Vinje, Tokke, Kviteseid og Seljord fekk gjennomgå for å hindra planlegging av ei ny og direkte line for E134 mellom Haukeligrend og Kongsberg.

— Vi kan ikkje ha det slik at fire kommunar skal avgjera ei vegsak som er så viktig for heile landet, seier cand.oecon Kristen Knudsen, som har rekna på ulike bompengeordningar for den nye vegen.

Børge Skårdal frå Haukelivegen AS framheva kor viktig det var å få bygt dei nye tunnelane mellom Seljestad og Ulevå på Haukelifjell. Skårdal peika på at Haukeli hadde 33 prosent av den samla trafikken over fjellet aust-vest om vi reknar frå Filefjell og sørover.

Med Boknafjordtunnelen ville eit vogntog frå Stavanger bruka ein time mindre til Drammen over Haukeli enn over Kristiansand.

Kva synest du om prisnivået på vegane?

GRAFIKK: Heidi Grotle